Omstilling og nyskaping
For å møte utfordringane med fallande oljeinntekter, færre yrkesaktive bak kvar pensjonist og behovet for eit grønt skifte, skal Vestland fylkeskommune satse på omstilling og nyskaping i industrien og næringslivet.
Utvikling av langsiktig omstillingsevne blir viktig for at Vestland fylke skal få tilgong på kompetanse som gjer fylket i stand til å satsa på forsking, utvikling og innovasjon i arbeidsliv og lokalsamfunn.
Vestland fylkeskommune skal
- stimulere til møteplassar som styrkar målet om å skape attraktive arbeidsplassar, basert på den kompetansen det er behov for i fylket, for å løyse samfunnsutfordringar
- Styrke og vidareutvikle bedrifter i industrien
- Vere ein mobiliserande og koordinerande aktør overfor kommunane, regionale aktørar, næringsliv og anna samfunnsliv i Vestland
Strategiske innsatsområde:
- Omstilling og nyskaping i industrien
- Tiltak for å skape ny vekst i etablerte SMB-bedrifter i industrien
- Tiltak som styrker industrien i arbeidet med ny teknologi, auka digitalisering og automatisering
- Felles tiltak knytt til rammevilkåra for industrien