Søk om fysiske tiltak i vassdrag

Fysiske tiltak i vassdrag som kan påverke bestandar av innlandsfisk og andre ferskvassorganismar krev løyve frå Statsforvaltaren eller fylkeskommunen.

Utan løyve frå Statsforvaltaren eller fylkeskommunen er det forbode å sette i verk

a) fysiske tiltak som fører eller kan føre til fare for forringing av produksjonsmoglegheitene for fisk eller andre ferskvasssorganismar

b) fysiske tiltak i og langs vassdrag, herunder bygging av tersklar, graving av fiskehøler og utlegging av større steinar, som kan auke fangsten av fisk på staden eller forskyve fangsten av fisk i vassdraget

c) fysiske tiltak for anadrome laksefisk eller innlandsfisk som har til hensikt å forandre ein eller fleire artars produksjon, bestandsstørrelse eller utbreiing
 
Forbodet etter a og b gjeld uavhengig av hensikta med tiltaket. Forbodet etter a og b gjeld ikkje dersom tiltaket krever konsesjon etter vassdragsreguleringslova eller vassressurslova.
 
Statsforvaltaren har ansvar for tiltak på strekningar som fører anadrome laksefisk eller kreps.
 
Fylkeskommunen har ansvaret for tiltak i vassdrag eller deler av vassdrag som ikkje fører anadrome laksefisk eller kreps. Dersom det på den aktuelle strekninga finst artar eller bestandar av innlandsfisk som fylkeskommunen ikkje har forvaltningsansvar for, skal avgjerder fattast i samråd med Statsforvaltaren.