Kulturkonferansen Vestland

På kulturkonferansen i Førde 18. november skal vi tematisere, gje ulike vinklar og snakke saman om det som skal vere dei felles romma våre – romma for kultur. Fristen for å melde seg på er 7. november.

Korleis skaper vi rom for kultur?
Har vi rom for deltaking, mangfald og fellesskap?
Har vi rom for leik og rom for alvor?
Har vi rom for kunst og refleksjon? Rom for glede? Rom for utfalding?
Har vi rom for å ytre oss? Rom for å vere ulike?
Har vi rom for alle?
Har vi felles grunn?

Velkomen til kulturkonferanse på Scandic Sunnfjord hotell i Førde torsdag 18. november frå kl. 10.00 til 16.30. Vi opnar for registrering og kaffi frå kl. 09.00.

Vi skal tematisere, gje ulike vinklar og snakke saman om det som skal vere dei felles romma våre – romma for kultur.

Korleis kan vi skape opne, offentlege rom – både fysisk og mentalt? Korleis bygge og legge til rette for stader som gir gode rom til å oppleve, delta, dele, yte og nyte? Kva type arenaer bidreg til mangfald og vert opplevd som relevante for alle innbyggjarane?          

Jens Kihl skal lose oss gjennom dagen med innlegg og samtalar om tema som grip inn i arbeidet vårt og i heile kultur- og idrettsfeltet.

Onsdag 17. november er det sosialt og kulturelt program frå kl. 20.00 for dei som ønskjer å delta på dette. Det vert konsert, mingling og mat på Larris scene på Sunnfjord hotel. Det er eiga påmelding for dette i påmeldingsskjemaet. Påmeldingsfristen har vorte forlenga til onsdag 10. noevmber.

Sjå program under, eller last ned pdf-fil:

09.00 Registrering / kaffi

10.00 Opning
Kulturelt innslag, ved distriktsmusikar Ole Nilssen
Opning, ved Stian Davies leiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering
Helsing frå Sunnfjord kommune

10.20 Rom for kultur?
Jens Kihl, kulturkommentator, er dagens programleiar og innleier om tema.

10.30 Det store fellesrommet. Møteplassar og lokalsamfunn
Anne Irene Myhr, Distriktssenteret. Kultur som utviklar av lokalsamfunna. Kultur, inkludering og gründerskap
Dominique Hauderowicz, arkitektkontoret dominique + serena, København. Inkluderande offentlege rom
Tone Einelia, prosjektleiar og Petra Rahm, Hordaland kunstsenter. Kunst, demokrati og stadutvikling.

11.20 Pause

11.30 Romma vi byggjer. Dei fysiske romma
Marianne Ween, Kulturalliansen. Kartlegging av kulturbygg og utvikling av spelemidlane.
Kai Roger Vatne, Noregs Ungdomslag og Christoffer Knagenhjelm, Sogn og Fjordane Ungdomslag: Huset i bygda. Løft for dei organisasjonseigde kulturbygga
Nina Hodneland, Norske kulturhus. Utviklinga i dei større kulturhusa.
Ola Mattsson, Lokale og Anlægsfonden. Nyskapande møteplassar for fysisk aktivitet

12.15 Pause

12.30 Samtale. Møteplassar, arenaer, lokalsamfunn.
Innleiarane frå dei føregåande tema møtest til samtale, leia av Jens Kihl.

13.00 Lunsj

14.00 Rom for alle? Møteplassar og inkludering
Marco Elsafadi, styret i Norges idrettsforbund. Er det rom for alle? Inkludering og ekskludering
Sara Stokken Rott, Norges idrettsforbund og ungdomsutvalet Vestland idrettskrets. Ung medbestemming og inkludering.
Synnøve Marie Vik, Bergen kommune. Plan for deltaking og mangfald i kunst- og kulturfeltet

14.40 Nye rom etter pandemien?
Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet. Konsekvensane av og gjenreisinga etter pandemien.

15.05 Pause

15.20 Det digitale og mentale rommet. Arena for demokrati eller ekkokammer?
Knut Skansen, Deichmanske bibliotek. Ytringsfridom og biblioteket sin utvida funksjon som kulturarena
Anki Kristine Gerhardsen, Nord universitet Ytringsfridomskommisjonen.

15.50 Samtale. Rom for ytringar? Nye rom for kultur?
Kristin Danielsen og Knut Skansen møter Øyvind Strømmen, forfattar av «Giftpillen: konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraft» til samtale, leia av Jens Kihl.

16.20 Framtidas kulturpolitikk for Vestland – Regional plan for kultur, idrett og friluftsliv
Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør kultur, idrett og inkludering Vestland fylkeskommune.

Jens Kihl

Jens Kihl er frå 1. november ny kulturredaktør i Bergens Tidende og i permisjon for å skrive boka om Liv Signe Navarsete. Han har tidlegare vore kommentator i BT og journalist i Klassekampen, vore nestleiar i Noregs Mållag og hatt ei lang rekkje verv innanfor ungdomslagsrørsla, teater og forlag. I 2019 gav han ut boka "Dette er også Noreg" etter å ha vitja alle norske kommunar.

Portrettfoto av Jens Kihl.

 

Anne Irene Myhr

Anne Irene Myhr arbeider i Distriktssenteret og har kontorstad i Steinkjer. Anne Irene er frå Sparbu, og har alltid hatt eit stort engasjement for frivillig arbeid, både personleg og gjennom lokale, regionale og nasjonale tillitsverv.

Portrettfoto av Anne Irene Myhr, Distrikssenteret.

 

Tone Einelia

Tone Einelia har utdanninga si frå Høgskulen på Vestlandet med allmenn lærarutdanning, kunst og entreprenørskap som fagbakgrunn. I tillegg til å vera utøvande kunstnar i duoen Biosenario, har Tone dei siste 15 åra utvikla sin eigen praksis og metode knytt til kunst- og stadutviklingsprosessar.

Med utgangspunkt i gamle handverk, kulturbygg og lokalhistoriske fenomen kan vi møta kvarandre i ei felles interesse for eit fysisk objekt eller ei unik historie. Når lokale kulturkrefter får virka saman med profesjonelle kunstnarar og designarar utanfrå, kan noko nytt oppstå. Resultatet er gjerne nye kunstuttrykk på nye stader. Slik får vi løfta fram uventa og nye kvalitetar med staden vår, og kunnskapen som fins i lokalsamfunnet kan få ny verdi.

Dei siste åra har Tone jobba i Sogn og Fjordane med ei rekkje stadutviklingsprosjekt der kunst og kultursatsingar har vore utgangspunkt for arbeidet.

Portrettfoto av Tone Einelia

 

Petra Rahm

Petra Rahm er biletkunstnar med base i Bergen. Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen og Stockholms universitet. I sin praksis interesserer ho seg for mikro-historie, historieforteljing og stad. I sine siste prosjekt har hun jobba i dialog med lokalsamfunn, for å la deira forteljingar og stemmer byggje eit portrett av ein stad.

Sidan 2016 har Petra Rahm vore tilsett som prosjektleiar for fagområdet Kunst og offentleg rom ved Hordaland kunstsenter. Ho har også gjennomført fleire oppdrag som freelance kunstkonsulent/kunstfagleg prosjektleiar for kunstprosjekt i privat, kommunal og fylkeskommunal regi, samt som prosjektleiar og produsent for ei rekke kunstprosjekt og utstillingar.

Portrettfoto av Petra Rahm.

 

Dominique Hauderowicz

Dominique Hauderowicz er utdanna arkitekt frå Det Kongelige Danske Kunstakademi Arkitektskolen i 2013 og er partnar i arkitektkontoret dominique + serena med base i København. dominique + serena jobbar med fokus på arkitekturens sosiale potensiale og har dei siste åra særleg fokusert på alders-inkluderande praksis innanfor byplanlegging og utforming av inkluderande byrom for alle.

Portrettfoto av Dominique Hauderowicz

 

Marianne Ween

Marianne Ween er dagleg leiar og prosjektleiar for Kulturalliansen, ein paraplyorganisasjon for det frivillige, organiserte kulturliv. Kulturalliansen skal setje kulturpolitiske saker på dagsorden og gi auka gjennomslagskraft og betre rammevilkår for det frivillige kulturfeltet. Alliansen skal formidle kunnskap om omfanget og mangfaldet i kulturlivet i heile landet, og kva dette har å seie for lokalsamfunn og innbyggjarane sin livskvalitet.

Marianne ønskjer å bidra til å løfte det viktige frivillige kulturlivet fram i lyset, styrke rammevilkår, og utvikle betre kunnskap om kva sektoren trenger for å blomstre vidare. Marianne er utdanna litteraturvitar og har allsidig erfaring som leiar både i og utanfor kulturlivet, som produsent og prosjektleiar og syng dessutan 2. sopran i Oslo Reiselivskor.

Portretfoto av Marianne Ween

 

Kai Roger Vatne

Kai Roger Vatne jobbar som Generalsekretær i Noregs Ungdomslag (NU), som er ein landsdekkande kulturorganisasjon som gjennom folkelege kulturaktivitetar skal skape engasjement og levande lokalmiljø. For å få til dette er ei av dei viktigaste oppgåvene til NU å jobbe aktivt for dei organisasjonseigde husa og synleggjere kor viktige dei er som kulturarenaer og for å skape trygge og gode lokalmiljø. Dette gjer vi gjennom mellom anna Huset i Bygda og at vi heile tida jobbar inn mot nasjonale myndigheiter og politikarar for å styrke rammevilkåra til flokalag av NU og dei organisasjonseigde husa. Kai Roger er utdanna innan Facility and Service Management, og som grafikkar, og har jobba meir enn 20 år i ulike leiarstillingar.

Portrettfoto av Kai Roger Vatne, Noregs Ungdomslag

 

Christoffer Knagenhjelm

Christoffer Knagenhjelm er tilsett i Sogn og Fjordane Ungdomslag og Noregs Ungdomslag som rådgjevar for kulturbygg. Han er utdanna arkeolog og har lang røynsle innafor bygningsvern. Her har han mellom anna ansvar for prosjektet Huset i Bygda (HiB). HiB vart opphavleg etablert av Sogn og Fjordane Ungdomslag i 2010 og har vakse til å bli eit nasjonalt prosjekt under leiarskap av Noregs Ungdomslag. Gjennom HiB vil vi løfte fram og synleggjere organisasjonseigde kulturhus som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar.

Portrettfoto av Christoffer Knagenhjelm

 

Nina Hodneland

Nina Hodneland er dagleg leiar i Norske kulturhus, kulturhusa sin interesseorganisasjon som jobbar for å styrke medlemmene og synleggjere kva rolle kulturhusa har for samfunnet. Norske kulturhus har 132 medlemmer med til samen 14,5 millionar besøk årleg – i eit pandemifritt år.

Nina er særleg oppteken av kulturhusets betydning for resten av samfunnet, også utover rolla som arrangør. Nina har over 15 års erfaring som leiar i norsk og internasjonal kultursektor og har ein mastergrad i kulturleiing frå University of Warwick, England.

Foto av Nina Hodneland på ei scene.

 

Ola Mattsson

Ola Mattsson er utviklingskonsulent i Lokale og Anlægsfonden. Med over sju års arbeid med utvikling har han ei lang rekke vellukka prosjekt bak seg. Ola har stor erfaring med å gi råd til kommunar, organisasjonar og sjølvorganiserte i samarbeid med arkitektar og andre spesialistar. Målet er å tilby innovative og kreative møteplassar til fremtidas fritidsaktivitetar.

Lokale og Anlægsfonden er eit utviklingsfond som er etablert for å skape framtidas møteplassar for idretts-, kultur- og friluftslivet. Dette gjer dei som sjølvstendig institusjon, kunnskapsformidlar og utviklingsfond under Kulturministeriet i Danmark. Heilt konkret utviklar og gir dei råd om byggeprosjekt og fysiske fasilitetar. Dei deler også ut ca. 80-90 mill. kr. frå danske tippemidlar til prosjekt kvart år.

Portrettfoto av Ola Mattsson, Lokale og Anlegsfonden.

 

Sara Stokken Rott

Sara Stokken Rott er leiar i ungdomsutvalet i Vestland idrettskrets og styremedlem i Norges idrettsforbund. Ho kjem til Kulturkonferansen Vestland for å snakke om ung medbestemming. Sara er ein engasjert og idrettsglad bergensar med eit hjarte for frivilligheit, inkludering og ung medbestemming.

Sara har brei erfaring både som aktiv idrettsutøvar og frå frivillig arbeid, styrearbeid og trenararbeid. Ho har erfart gleda, fellesskapet og kjensla av meistring dette gir. Sara ønskjer at barn og unge skal få oppleve det same. Sara er også oppteken av at idretten skal være ein trygg og god plass for alle.

Bilete av Sara Stokken Rott som held ein fakkel.

 

Marco Elsafadi

Marco Elsafadi er tidlegare toppidrettsutøvar og no styremedlem i Norges idrettsforbund. Marco er palestinsk flyktning og kom til Noreg med familien i 1987. Han er tidligare basketballspelar på toppnivå og har representert det norske landslaget i 12 år.

I 1993 begynte Marco sitt engasjement for barn og unge og har jobba på oppdrag av barnevernet med vanskelegstilt ungdom, rusproblematikk, skuleskulk, fritidsproblem og vald.

Gjennom sitt arbeid har han sett sider av idretten han ikkje la merke til då han var «på innsida» som aktiv utøvar. Klarar vi å skape «idrettsglede for alle», spør Marco?

 

Synnøve Marie Vik

Synnøve Marie Vik er spesialrådgjevar i fagavdeling for kunst og kulturutvikling i Bergen kommune, og koordinerte arbeidet med Bergen kommunes plan for deltaking og mangfald i kunst- og kulturfeltet 2021-2030.

Bergen kommunes plan for deltaking og mangfald i kunst- og kulturfeltet 2021-2030 er den første av sitt slag i Noreg. Planen gir ei tydeleg retning for eit meir mangfaldig og inkluderande kunst- og kulturliv, og legg fram ei rekke tiltak som stiller krav både til kunst- og kulturfeltet og til forvaltning dei neste ti åra. Den omfattar amatørkulturfeltet, det profesjonelle kunst- og kulturfeltet, museumsfeltet og kulturvern, kommunale arenaer og verksemder som Bergen Offentlige Bibliotek og Kulturetaten, inkludert Kulturskolen, Barnas kulturhus, lokale kulturhus og andre kommunale kulturtilbod.

Portrettfoto av Synnøve Marie Vik

 

Kristin Danielsen

Kristin Danielsen har brei erfaring frå kunst- og kulturfeltet, både som utøvar, næringsaktør og leiar av ulike verksemder. Ho er utdanna dansar ved Den Norske Balletthøyskole i Oslo og Broadway Dance Center i New York, og har ein mastergrad i kulturleiing frå City University i London. Danielsen starta si karriere som frilansdansar, koreograf og pedagog, og har hatt leiarverv i store institusjonar innan norsk teater og musikk. Danielsen har også undervist i og skrive artiklar om kulturleiing, kreativ næring og publikumsutvikling. Før ho vart leiar i Kulturrådet, var hun biblioteksjef ved Deichmanske bibliotek i Oslo.

Portrettfoto av Kristin Danielsen

 

Knut Skansen

Knut Skansen er direktør/bibliotekssjef ved Deichman, Oslo. Han har ansvaret for 22 bibliotek og ein million bøker, men har verken bibliotekarutdanning eller eige kontor. Derimot er han litteraturvitar som har jobba m.a. i reiseliv og som hotelldirektør.

Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen er utdanna som religionsvitar og innan journalistikk, og har som frilansjournalist og forfattar særleg skrive om ulike former for politisk ekstremisme. Hans siste bok er «Giftpillen - konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraft».

Strømmen er til dagleg informasjonsrådgjevar i Kvam herad. Han er også fylkestingsrepresentant for MDG, og sit utval for kultur, idrett og integrering.

Anki Gerhardsen

Anki Gerhardsen er frilansjournalist og kritikar, og bur i Bodø. Ho har vore lektor i journalistikk ved Nord universitet, og er no prosjektleiar for Lytring ved same universitet. Hun har også markert seg som samfunnsdebattant og mediekritisk spaltist i Aftenposten, og sit i ulike nasjonale utval, ikkje minst no er ho medlem av Ytringsfrihetskommisjonen. I førre månad fekk ho prisen som Årets frilanser. På konferansen bidreg ho med eit videoinnlegg som også skal utfordre deltakarane i samtalen på slutten av dagen.

Kulturens samfunnsbyggande kraft

Hovudbodskapen i kulturmeldinga er at kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggande kraft. Eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for ytringsfridom, ei opplyst offentlegheit og demokrati. Konferansen tek opp spørsmål som på ulike måtar knyter seg til kultur som kraft i samfunnsutviklinga.

Konferansen i opptak

Grunna tekniske problem undevegs i konferansen er det to ulike lenker som viser første og siste del av konferansen. Alt er med og alt har bra lyd. Første del sluttar etter Hilde Sandvik sitt innlegg (11.50-12.05 i programmet). Andre del startar med statssekretær Gunhild Berge Stang som innleiar til samtale mellom Hilde Sandvik, Øystein Strand og Line Anni Solbakken. Innslaget med utfordringar frå kulturlivet kjem etter dette. 

Konferansen har tre hovudtema

Grønt vegkart for kultur

Kva kan liggje inne av nye og meir miljøvenlege løysingar i vegkartet, og kva inneber satsinga for Vestland? Gjennom Grønt vegkart for kultur skal kultursektoren bidra til ei meir berekraftig utvikling for Norge.

Kultur under pandemien

Kva er utfordringane vel eit halvt år etter nedstenginga, og korleis bør vi møte dei? Smitteverntiltaka i samband med koronapandemien har hatt omfattande økonomiske konsekvensar for kulturlivet. Samstundes er nye digitale tilbod utvikla, og digitaliseringa har endra styrkeforholdet mellom aktørane.

Kommune 3.0 – medborgarskap og meistring

Korleis samskaper og samhandlar vi i den nye kommune- og fylkesstrukturen i Vestland? Kommune 3.0 er samskapingskommunen der politikarane, tilsette, innbyggjarane og næringslivet saman finn ut korleis eit behov eller ei utfordring skal møtast. Målet er meistring og ansvarleggjering av eigne innbyggjarar.

Program

09.00-09.20 - Opning

Programleiar: Per Morten Ekerhovd, direktør kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune

  • Velkomen ved Per Morten Ekerhovd
  • Kunstnarisk innslag: Fato Kamara
  • Helsing ved Natalia Golis, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune
  • Helsing ved Gunhild Berge Stang, statssekretær i Kulturdepartementet

09.20-11.00 - Grønt vegkart for kultur 

Programleiar: Stian Davies, leiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune

09.20-09.40: Grønt vegkart for kultur – korleis kan kultursektoren bidra til ei meir berekraftig framtid for Norge?

Linnea Svensson, prosjektleiar Grønt vegkart for kultur

09.40-10.00: FNs berekraftmål – kva er kommunane si rolle?

Anne Romsaas, seniorrådgjevar forsking, innovasjon og digitalisering i KS

10.00-10.20: Klimagevinsten ved sirkulær økonomi og gjenbruk av eldre bygningsmasse

Simen Bjørgen, direktør i Norsk kulturminnefond

10.20-11.00: Tre døme

  • Grøn festival ved Elise Hessevik, prosjektansvarleg i Brak
  • Bislett Games – eit berekraftig arrangement ved Anne Farseth, nestleiar i Bislettalliansen og visepresident i Norges friidrettsforbund
  • Grønt vegkart – kva gjer vi i Vestland fylkeskommune? – ved Sissel Lillebø Aarseth, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune

11.00-11.30 - Pause

11.30-13.00 - Kultur under pandemien 

Programleiar: Hilde Sandvik, journalist og redaktør

11.30-11.50: Kva er utfordringane for kulturlivet vel eit halvt år etter nedstenginga, og korleis bør vi møte dei?

Leo Grünfeld, forskingsleiar i Menon Economics

11.50-12.05: Kulturen og pandemien – korleis har kulturlivet i Norden det under pandemien?

Hilde Sandvik

12.05-12.15: Kulturlivet utfordrar – innspel frå arrangørar

12.15-13.00: Med det vi veit no - korleis ivareta kultursektoren gjennom pandemien?

Innleiing ved Gunhild Berge Stang, statssekretær i Kulturdepartementet  

Samtale leia av Hilde Sandvik:

  • Kristin Danielsen, direktør i Norsk kulturråd
  • Øystein Strand, konstituert direktør i Kulturtanken
  • Line Anni Solbakken, spesialrådgjevar kultur og utdanning i KS

13.00-13.30        Pause

13.30-15.00 - Kommune 3.0 – medborgarskap og meistring 

Programleiar: Hilde Bjørkum, kommunalsjef kultur og idrett i Sunnfjord kommune

13.30-13.50: Kommune 3.0, smartkommune og samskapingskommune

Frode Lindtvedt, avdelingsdirektør lokaldemokrati, europapolitikk og internasjonalt arbeid i KS

13.50-14.05: Framtidas kulturskule, kulturskulen som medskapar

Torkel Øien, rådgjevar i Norsk kulturskoleråd og KS

14.05-14.35: Tre døme

  • Innbyggarstyrt stadsutvikling i Vevring – kan vi ta kontroll over eiga framtid der vi bur? Ørjan Stubhaug, rådgjevar i Sunnfjord kommune
  • Alle med, inkluderingsprosjekt i Norges idrettsforbund. Håvard Øvregård, seniorrådgjevar verdiarbeid i Norges idrettsforbund
  • Bergen offentlige bibliotek – inkludering og mangfald. Leikny Haga Indergaard, biblioteksjef

14.35-15.00: Samhandling og samskaping i praksis – korleis gjer vi det? Har vi rette metodar og verkemiddel for samhandling mellom forvaltningsnivåa og mellom forvaltninga og kulturaktørane?

Samtale leia av Hilde Bjørkum:

  • Terje Heggheim, kommunedirektør i Kinn kommune og leiar i kommunedirektørutvalet i KS Vestland
  • Katrine Nødtvedt, byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen kommune
  • Natalia Golis, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune
  • Solrun Toft Iversen, teatersjef i Det Vestnorske Teateret

15.00   Avslutning ved Per Morten Ekerhovd, direktør kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.