Rapportering av tildelte koronamidlar hausten 2020

Organisasjonane som fekk ekstraordinære koronamidlar til kultur- og idrettsaktivitet hausten 2020, må rapportere på bruken av midlane innan tre månadar etter tiltaket/prosjektet er gjennomført.

89 søkjarar fekk støtte då hovudutval for kultur, idrett og integrering fordelte til saman 17,8 millionar kroner til kultur- og idrettsaktivitet, som er råka av koronapandemien.

Prioriteringane vart gjort med utgangspunkt i føremålet for ordninga og kriteria fastsette i vedtekne retningsliner. Til grunn for handsaminga låg utgreiing av prosjektet slik det vart framstilt i søknaden.

Vilkår for utbetaling og rapportering av midlane

  • Prosjektet/tiltaket må vere gjennomført i samsvar med søknad. Eventuelle endringar av vesentleg grad skal meldast til sakshandsamar Marianne Ose Askvik.
  • Frist for å rapportere er tre månadar etter at tiltaket/prosjektet er gjennomført. Dersom organisasjonen din fekk tildelt midlar til kompensasjon, skal dette kome fram i årsrapporten og årsrekneskapen til organisasjonen.
  • Utbetaling av tilskot skjer i hovudsak gjennom elektronisk faktura i EHF-format
    • Elektroniske fakturaadresse til Vestland fylkeskommune: 9908:821311632
    • Aksesspunkt: Visma
    • Saksnummer: 2020/ 71425
    • Merk referansen med 10608

Bakgrunn og meir informasjon