Tilskot til utvikling av lokal frivilligpolitikk

Tilskot frå ordninga skal gå til kommunar i Vestland sitt arbeid med å utvikle lokal frivilligpolitikk i samarbeid med lokale frivillige organisasjonar. Søknadsfrist er 30. november og 31. mai.

Kva kan ein få støtte til?

Kommunane kan søkje om tilskot til arbeidet med å utvikle lokal frivilligpolitikk. Midlane kan nyttast til møte, samlingar og arrangement, og til arbeidet med å kartlegge og auke kunnskapen om den lokale frivilligheita i kommunen.

Søknadsfrist

Søknadsfristane i ordninga er 30. november og 31. mai.

Søknadsbeløp

Kommunane kan bli tildelt inntil 100 000 kr til arbeidet med å utvikle lokal frivilligpolitikk. Kommunane som søkjer må vise til eigenandel som svarar til søknadssum gjennom budsjettet.

Søknadene blir vurdert ut i frå følgjande kriterium:

  1. Om kommunen har mål om å utvikle og vedta lokal frivilligpolitikk.
  2. Om kommunen har planar om medverknad gjennom møte, samlingar og arrangement for frivillig sektor med lokal frivilligpolitikk som tema.
  3. Om kommunen har planar om å kartlegge og auke kunnskapen om lokal frivilligheit.
  4. Om kommunen har planar om å etablere eller vidareføre faste møteplassar mellom frivilligheita og kommunen.

Søknaden må sendast inn til fylkeskommunen via digitalt søknadsskjema, og må innehalde

  • presentasjon av tiltaket som er planlagt
  • budsjett for tiltaket med planlagde utgifter og inntekter, m.a. eigenandel frå kommunen