Søk tilskot til regional bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar

Med denne ordninga skal Vestland fylkeskommune bidra til å utvikle og styrke regionale bransjestrukturar for kulturell og kreativ næring i Vestland. Søknadsfristen er 6. april.

Ordninga gir tilskot til tenesteutvikling og kompetanseheving innan nærings-, marknads- og forretningsutvikling, som kjem fleire aktørar i regionen til gode. Ho er retta mot regionale kompetansesenter, organisasjonar, nettverk, institusjonar og andre bransjebyggande aktørar med regionalt nedslagsfelt innan kulturell og kreativ næring.

Kulturell og kreativ næring inkluderer bransjane visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, arkitektur, design, mote, film og spill.

Det er sett av 1,5 millionar kroner til ordninga i 2022.

Kva kan du få støtte til?

Du kan få tilskot til prosjekt og tiltak som bidrar til bransjeutvikling gjennom auka nærings-, marknads- og forretningskompetanse og/eller betre tenester i Vestland.

Kva får du ikkje støtte til

Vi gir ikkje støtte til ordinær drift, kulturarrangement (konserter, turnear, framvisingar, utstillingar m.m.) eller forsking.

Søknadsfrist

6. april 2022

Tidlegare tildeling

Her kan du sjå ei oversikt over kven som fekk støtte til regional branseutvikling innan kulturelle og kreative næringar i 2021.

Søkjaren må vere offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar. Primæraktivitetane må vere lokaliserte i Vestland, og søknaden må medverke til utvikling i Vestland.

Målgrupper for ordninga er

  • regionale kompetansesenter
  • organisasjonar
  • nettverk
  • institusjonar
  • andre bransjebyggjande aktørar med regionalt nedslagsfelt innan kulturell og kreativ næring

Søkjarar må vere

  • ei juridisk eining og ha forretningsadresse i Vestland. Det vert ikkje gitt støtte til prosjekt i enkeltbedrifter.

Søkjar sine primæraktivitetar skal vere lokaliserte i Vestland, og søknaden må medverke til utvikling og styrking av regionale bransjestrukturar for kulturell og kreativ næring i Vestland.

Verksemder kan søkje om midlar frå ordninga på vegner av eit nettverk eller ei etablert kulturnæringsklynge.

Søknaden innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om

  • prosjektet eller tiltaket
  • søkjaren og eventuelle samarbeidspartnarar, nedslagsfelt og målgruppe for prosjektet
  • korleis arbeidet er planlagt gjennomført
  • budsjett for tiltaket
  • korleis prosjektet bidreg til bransjebygging

Prosjektet må ha tydelege mål, og ein konkret plan for korleis måla skal nåast.

Søknaden skal sendast på elektronisk søknadsskjema.

Vestland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt. Det er forventa at søkjar budsjetterer med andre kjelder for finansiering.

Dersom det ikkje er rom for å løyve minst 1/3 av søknadssummen, vil søknaden få avslag.

Prosjektet/tiltaket det blir søkt om støtte til, må oppfylle desse to absolutte kriteria for å verte tilrådd støtte:

  1. Det skal vere i samsvar med føremålet i søknadsordninga.
  2. Det skal ha regional kulturverdi, dvs. ha ein kommuneovergripande funksjon og/eller verdi, gjerne for større deler av fylket.

Ordninga vil prioritere prosjekt/tiltak som

  • styrkar kunnskapen om kultur som næring
  • styrkar omsetninga av kunst, kulturelle og kreative produkt og tenester
  • har breidde i finansiering: Om prosjektet kan dokumentere lokal, regional eller privat medfinansiering
  • utviklar modeller, metodar eller tenester som kan ha relevans for andre aktørar/regionar (overføringsverdi)
  • utviklar nye løysingar eller tenester knytt til formidling, distribusjon og sal av kunstnarisk, kulturelt og kreativt innhald (pilotprosjekt)

I vurderinga av alle søknader vert det lagt vekt på kvalitativt nivå, fagleg innhald, profesjonalitet, berekraft og gjennomføringsevne. Andre omsyn som vert vektlagt er geografisk spreiing og fagleg og sjangermessig breidde. Manglande rapportering frå tidlegare tildelingar, vil også bli vektlagt i vurderinga av søknaden.