Folkemusikkstipend

Folkemusikkstipendet til Vestland fylkeskommune skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv.

Vi lyser ut

  • folkemusikkstipend – eitt stipend á 60 000 kroner
  • Folkemusikk Ung – to stipend á kr 25.000 til søkjarar under 30 år

Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar høve til ein periode med fordjupning og/eller fagleg påfyll og utvikling.  

Det vert ikkje gitt støtte til offentleg godkjend utdanning som til dømes gjev rett til studielån.

Det vert ikkje gitt støtte direkte til utstyr og instrument. 

Søknadsfrist i 2020 er 1. juli. Søknadsfristen for seinare år kan justerast. 

Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar, og dei som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. 

I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå og kjennskap til feltet.

Søkjarar må vere busette i Vestland, og stipenda kan berre søkjast av enkeltpersonar (ikkje grupper).

Søkjar må fylle ut nettbasert søknadsskjema. Det kan leggast ved inntil 5 vedlegg eller lenkjer. 

På bakgrunn av innsend søknad vert det gjort ei skjønsmessig vurdering av aktivitet og kvalitet.

Det blir lagt vekt på korleis søkjar gjennom søknaden presenterer seg sjølv, og korleis ein vil nytte ein stipendperiode til utvikling/fordjuping/ fagleg påfyll.   

Det skal vere kjønnsbalanse i tildelinga – ut frå søkjarmassen som ligg føre. 

Fylkeskommunen kan krevje betalt attende tilskot som vert nytta i strid med gjevne vilkår. 

Det skal oppnemnast ein rådgjevande fagkomité for stipenda. Komiteane skal setjast saman av fagfolk frå utvalde kunstorganisasjonar og -institusjonar. Det skal vere ei blanding av fagfellevurdering og anna relevant fagleg kompetanse i komiteane.   

Følgjande organisasjonar/institusjonar vert bedne om å nemne opp medlemmer til fagkomiteen for folkemusikkstipend:  

  • Hardingfela.no 
  • Hordaland Folkemusikklag 
  • Sogn og Fjordane folkemusikklag
  • Hordaland Ungdomslag 
  • Sogn og Fjordane Ungdomslag
  • Osafestivalen 
  • Førde internasjonale folkemusikkfestival 

Organisasjonane står fritt til å velje kven dei vil peike ut som sine representantar til komiteen. Medlemmane skal oppnemnast for to år av gangen. 

Stipendkomiteen er rådgjevande og skal vurdere og innstille søkjarar. Innstillingane skal vere grunngjevne.  Det vert ikkje lagt fram offentlege vurderingar av andre enn dei nominerte kandidatane. 

I komitearbeidet skal god forvaltningsskikk og forvaltningslova sine bestemmingar om m.a. habilitet og teieplikt ligge til grunn.

Basert på arbeidet i komiteen legg fylkesrådmannen fram innstilling til hovudutval for kultur, idrett og integrering som har det endelege vedtak i saka.

Dei som får tildeling må sende inn kort rapport på bruken av stipendet innan 3 månader etter at stipendperioden er ferdig. Rapporten skal syne korleis stipendet er nytta, og kva resultat mottakaren har oppnådd i perioden.  

Vedtak om tildeling av stipend  er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Det er såleis klagefrist på vedtaket innan 3 veker etter at det er motteke skriftleg underretning.