UKM – Ung kultur møtest

I UKM kan du som er mellom 13 og 20 år delta med alle slags kulturuttrykk, alt frå sjonglering, dans, biletkunst, skulpturar til beatboksing, sang, diktopplesing, musikk – og alt innimellom. Du kan også delta som konferansier, arrangør eller fotograf og i nettredaksjonen til UKM Media.

All påmelding skjer på nettsida til UKM Norge, og du melder deg på i kommunen der du høyrer til. I enkelte kommunar er den nedre aldersgrensa 10 år.

UKM 2021

UKM fylkesfestival Vestland vert digital i 2021 på grunn av koronapandemien og smittevernomsyn. Eigentleg skulle det ha vore to fylkesfestivalar, ein i Måløy og ein på Voss.

Digitale løysingar

Den digitale løysinga blir ein samansetning av plattformer på sosiale medium for dei forskjellige uttrykka i UKM, frå film, miksinnslag, litteratur, LAN/e-sport, matlaging, unge arrangørar (teknikarar, konferansierar, media m.m.), kunst og sceneinnslag.

Sceneinnslag

Det kjem ein omreisande videoproduksjon for å gjere video-opptak av sceneinnslag (scenekunst, miksinnslag, litteratur). Her er det tenkt ei blanding med ungdommens eigen opptak med mobilkamera som små «bakom-klipp» med ungdommen bak innslaga og unge arrangørar på opptaksdagen. Tanken er å gjere det nært og levande.

Dette gjeld sceneinnslag frå alle kommunar. Nokre kommunar vil ha opptak på same dag og i same lokale. Det gjeld dei som har felles lokalarrangement, og andre kommunar. Her vert det ein dialog mellom kommunane og fylkeskommunen. Opptaka blir å sjå å https://tv.ukm.no/ utover hausten.

Det er viktig at ungdommen føler at dei har kontroll på opptak av seg sjølv. Alle som er med i opptaka, signerer samtykke for publisering av dette. Løysingar for publisering/ formidling er desse alternativa:

1: «Live» strøyming av opptak på www.ukm.no

2: Opptaka ligg ute på www.ukm.no ei veke

3: Ungommen kan få opptaket av seg sjølv.

Slik gjer vi det med dei ulike deltakargruppene

Kunst

Lastast opp på UKM si side www.ensidemedkunst.no.

Film/video

Løysinga er ikkje heilt klar, men vi vurderer Reels/InstaTV/Instagram gjennom kontoen UKM_vestland.

Konferansier

Her skal det vere ein nominasjon for konferansier som ein del av videoproduksjonen for sceneinnslaga.

Unge arrangørar (UA)

Det er ønskeleg med UA i dei fleste ledd. Spesielt relevant er det under videoopptak av sceneinnslag.

UKM Media/festivalredaksjon

Denne er under planlegging, og er absolutt relevant i den digitale festivalen.

Tidsperspektiv

Den digitale løysinga for fylkesfestivalen vil ha eit tidsperspektiv utover heile året. Prosessen fram mot deltaking i festivalen er ein viktig del av arbeidet med UKM lokalt, regionalt og nasjonalt. Det som skjer lokalt i kvardagen til ungdommen er grunnlaget for festivalen.

Medverknad

Fylkeskommunen legg opp til aktiv medverknad frå kommunane og ungdomsgruppa i planlegging og gjennomføring av fylkesfestivalen. UKM Norge har ressursar på digitale løysingar som både kommunane og fylkeskommunane kan dra nytte av.

Det blir ikkje kåra vinnarar i UKM, men juryar i kommunane plukkar ut deltakarar i kommunearrangementa som får delta på fylkesfestivalen. På fylkesfestivalen plukkar ein ny jury ut deltakarar som får delta på den nasjonale festivalen.

Vestland fylkeskommune har ansvar for arbeidet med UKM på regionalt nivå og for gjennomføringa av UKM-festivalen for Vestland.

 

UKM er organisert av UKM Norge på nasjonalt plan, av fylkeskommunane på regionalt nivå og av kommunane lokalt. Målet er å gje barn og unge ein arena der dei kan vise fram sine eigne kulturuttrykk.

Kulturdepartementet har formulert dette oppdraget for UKM:

«UKM skal stimulere og synliggjøre ungdommens kulturelle aktivitet – lokalt, regionalt og nasjonalt. UKM skal være et landsomfattende arrangement – åpent for all ungdom».

Det viktigaste UKM-arbeidet skjer lokalt i kommunane der 25 000 ungdommar kvart år får oppleve UKM. I kommunane vert UKM organisert på mange ulike vis. Kommunen står sentralt i gjennomføringa av festivalar og tiltak som elles er knytt opp mot UKM. I nokre kommunar vert UKM arrangert i samarbeid med frivillige organisasjonar, medan andre legg større vekt på medverknad og deltaking frå ungdom.