Fylkesmusikarane

Både distriktsmusikarordninga og fylkesmusikarordninga representerer ein verdfull ressurs og spisskompetanse for musikklivet i fylket. Dei bidreg til blant anna Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester.

Bestill ein fylkesmusikar

Fylkesmusikarane kan bestillast til ulike oppdrag, t.d. innslag ved opningar, høgtider og jubileum og musikaroppdrag i samband med kor, korps, spelemannslag og orkester. Musikarane kan også kontaktast om kurs, instruksjon og seminar. Kontaktpersonane kan gje nærmare informasjon om vilkår og prisar.

Fylkesmusikarane i Vestland

  • Reidun Horvei, folkesong
  • Frank Rolland, hardingfele
  • Vidar Underseth, hardingfele, fele, dans

Ordninga vart etablert i Sogn og Fjordane (1989) og Hordaland (1992) som folkemusikkstillingar med instruksjon, utøving, undervisning og arkiv som arbeidsfelt.

Fylkesmusikarordninga har hatt mykje å seie for folkemusikken i Vestland, og det har vore gjennomført ei rekkje turnear, konsertproduksjonar og samarbeidsprosjekt. Ein del av fylkesmusikarordninga er no omorganisert til fem distriktsmusikarstillingar, og fylkesmusikarordninga består i dag av tre folkemusikarar fordelt på to stillingar.