Distriktsmusikarane
Distriktsmusikarordninga representerer ein verdfull ressurs og spisskompetanse for musikklivet i fylket. I den utøvande delen samarbeider musikarane med det profesjonelle og frivillige musikklivet, td. orkester, kor, korps, spelemannslag, i tillegg til opera, festivalar og teater.
Distriktsmusikarordninga vart etablert på slutten av 1980-talet i samarbeid mellom fylkeskommunen, vertskapskommunane og Rikskonsertane. I dag er ordninga forankra i ein samarbeidsavtale mellom Vestland fylkeskommune og vertskapskommunane.
Ei distriktsmusikarstilling består av 50 prosent utøving og 50 prosent undervisning. Fylkeskommunen refunderer i dag 25 prosent av lønsutgiftene (tilsvarande halvparten av utøvardelen) til kvar av distriktsmusikarstillingane i Sunnfjord, Gloppen, Sogndal, Voss, Ullensvang og Alver. For fire distriktsmusikarstillingar på Voss yter fylkeskommunen eit fast tilskot til den kommunale ordninga.
Utøving
Distriktsmusikarorane produserer program for ulike typar konsertar både i eigen regi og i samarbeid med andre, til dømes Den kulturelle skulesekken, Den kulturelle spaserstokken, barnehage- og institusjonskonsertar eller i ulike regionale musikkprosjekt. Distriktsmusikarane kan bestillast til konsertar, musikkinnslag, opningar, høgtider, jubileum og markeringar i tillegg til instruksjon, kurs og seminar. Distriktsmusikarane underviser også i kulturskulen og i vidaregåande skule.
For bestilling av musikartenester, ta kontakt med kulturskulane i dei aktuelle kommunane som også fastset pris og vilkår for tenestene (sjå kontaktinformasjon nedanfor).
Undervisning
Undervisningsdelen, som er 50 prosent av kvar stilling, vert nytta i kulturskulen, frivillig musikkliv og i vidaregåande skule.
Tilgjengelege for større konsertprosjekt (fylkeskvoten)
Distriktsmusikarane er kvart semester tilgjengelege i inntil ti dagar for større konsertprosjekt etter søknad. Prosjekta må ha eit regionalt perspektiv og/eller finne stad i minimum to kommunar. Denne ordninga vert kalla "fylkeskvoten".
Søknadsfristen er 1. oktober for vårhalvåret og 1. april for hausthalvåret. Send søknad via e-post til fylkeskommunen. Det er ein føremon å kontakte aktuelle distriktsmusikarar på førehand for å avklare om dei er tilgjengelege.
Dei som får tildelt distriktsmusikarar gjennom fylkeskvoten, betaler ikkje honorar, men må dekkje reise, diett og opphald. Ved tildeling vert det teke omsyn til kapasitet på dei ulike instrumenta, og reiseavstand.
Fylkeskommunen samarbeider tett med vertskapskommunane om ordninga. for meir informasjon, sjå eigne retningsliner for fylkeskvoten.
Distriktsmusikarane i Sunnfjord
- Henri Eftevand, fiolin
- Britt Pernille Frøholm, hardingfele/fele
- Julia Gåsvær, trompet
- Christine Marøy, song
- Ole Nilssen, trekkspel (permisjon til september)
- Noemi Utasi, piano
- Helga Wyrtz, fløyte
- Jacob Wyrtz, gitar
Kontaktinformasjon
kulturskulerektor Trude Skarvatun, 41 50 59 70, trude.skarvatun@sunnfjord.kommune.no
Distriktsmusikarane i Gloppen
- Thomas Aanonlie, slagverk
- Malin Alander, folkesong
- Tone Støylen Holgersson, piano
- Otto Ose, fiolin, trompet, elbass
- Ann-Margrit Silfverhielm, song
- Henrik Silfverhielm, cello
Kontaktinformasjon
kulturskulerektor John Rune Ødven, 41 62 91 96,
john.rune.odven@gloppen.kommune.no
Distriktsmusikarane i Sogn
- Akiko Anazawa, piano
- Leif Aslaksrud, basstrombone
- Marin Stallemo Bakke, hardingfele (permisjon skuleåret 26/27)
- Hans Holgersson, cello
- Bjørn Gisle Seter, song
Kontaktinformasjon
kulturskulerektor Roar Sandnes, 91 84 83 73,
roar.sandnes@sogndal.kommune.no
Distriktsmusikarane på Voss
- Alexander Røynstrand, hardingfele
- Ingrid Standal Sørheim, torader
- Kato Flem, piano
- Øystein Haga, fløyte
- Helga Hjetland, fiolin
- Johanna Saaek, cello
Voss herad har to variantar av distriktsmusikarordninga:
- ei fylkeskommunal ordning med fylkeskommunal refusjon av lønsutgifter (hardingfele og torader)
- ei kommunal ordning med fast årleg tilskot frå fylkeskommunen (piano, fløyte, fiolin og cello)
Kontaktinformasjon
kulturskulerektor Oddvar Nøstdal, 40 41 62 04,
oddvar.nostdal@voss.herad.no
Distriktsmusikar i Alver
- Kristine Solli Oppegaard, trombone
Kontaktinformasjon
kulturskulerektor Camilla Søderstrøm Tveit, 93 68 50 17,
camilla.soderstrom.tveit@alver.kommune.no
Distriktsmusikar i Ullensvang
- Johanna Mjeldheim, hardingfele
Kontaktinformasjon
kulturskulerektor Eldbjørg Furholt, 97 55 84 52, eldbjorg.furholt@ullensvang.kommune.no