Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei ordning der kommunane kan søkje om tilskot til kulturformidling tilpassa eldre. Spaserstokken skal leggje til rette for auka samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren. Slik kan gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.

Om tilskotsordninga

Kommunane søkjer på midlane i Den kulturelle spaserstokken.

Søknadsfristen i år er innan 1. juni 2020. Same frist gjeld for rapport av tiltak for 2019.

Tildelingar vert vedtekne i september 2020.

Løyvingane skal hovudsakleg nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå. Det er svært viktig at kulturtilbodet er tilpassa eldre, er tilgjengeleg på arenaer der dei har dagleglivet sitt, og at det er eit godt samarbeid mellom kultur- og helsesektoren.

Fylkestinget har satt av 3 980 000 kr til Den kulturelle spaserstokken i budsjettet for 2020.

Sjå heile saka om Den kulturelle spaserstokken vedteke i hovudutval for kultur, idrett og integrering 03.04.2020.

Den kulturelle spaserstokken skal

  • sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
  • leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgssektoren, slik kan det utviklast gode kunst- og kulturprosjekt lokalt, innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk
  • medverke til at eldre får eit tilpassa kultur tilbod på arenaer der dei dei held til i dagleglivet

Desse kriteria vert lagde til grunn for løyvingane:

  • Tiltak/programinnhald
  • Nyskaping
  • Samarbeid
  • Gjennomføringsevne
  • Tilbod til mange
  • Innbyggjarar over 67 år
  • Areal

Kommunane som får tilskot frå den kulturelle spaserstokken, må rapportere om korleis dei har brukt pengane. Fylkeskommunen betaler ikkje ut nye tilskot før kommunane har rapportert om tidlegare mottekne midlar.

Rapport skal leggjast ved som vedlegg til søknaden.