Søk utviklingsstipend i tradisjonshandverk

Satsinga skal fremje handverksfagleg utvikling knytt til tradert kunnskap i Vestland fylke. Stipendet er på 50 000 kr. Søk innan 1. mai.

Vestland fylkeskommune ønskjer å auke kompetansen på restaureringshandverk og å ta vare på immateriell kulturarv. Det vil vi gjere ved dokumentasjon og utøving av eldre handverkstradisjonar, med vekt på dei som er knytte til vestnorsk byggeskikk og maritim kulturarv.

Stipendet skal skape stoltheit og merksemd om den sentrale rolla tradisjonsberande handverkarar har i det å ta vare på kulturminne og vidareføre immateriell kulturarv til framtidas generasjonar.

Stipendet er på 50 000 kr. 

Desse kan søke

Profesjonelle handverkarar innan tradisjonelle handverksfag som bur og har sitt virke i Vestland fylke. Stipenda kan gå til

  • tradisjonshandverkarar
  • dei som arbeider med
    • verktøymaking knytt til eldre handverksteknikkar
    • dokumentasjon og formidling av immateriell kulturarv
    • kortreist materialproduksjon

Det er krav om fullført vidaregåande opplæring med anten fagbrev/sveinebrev eller minst fem års relevant arbeidserfaring.

Søknadsfrist

1. mai 2021.

Du søkjer på eige, elektronisk søknadsskjema, som blir lagt ut på denne sida når det er klart.

Du må oppgje kontaktinformasjon som namn, adresse, telefonnummer og organisasjonsnummer/personnummer.

Søknaden må vere signert av ansvarleg søkjar.

Dersom søknaden er mangelfull, kan du få høve til å rette dette innan ein nærare fastsett frist. Dersom manglane ikkje er retta innan fristen, kan søknaden verte avvist. For å få stipend er det ein føresetnad at søknaden fell inn under målet for ordninga. Fullstendige retningslinjer finn du til høgre på sida her.

Ein fagkomité skal vurdere søknadane. Stipendkomiteen er rådgjevande og skal vurdere og innstille ein søkjar til å få stipend. Innstillingane skal vere grunngjevne. Det vert ikkje lagt fram offentlege vurderingar av andre enn den nominerte kandidaten.

Basert på arbeidet i komiteen skal avdeling for kultur, idrett og inkludering ta den siste, heilskaplege vurderinga og legge fram innstilling til hovudutval for kultur, idrett og integrering, som gjer endeleg vedtak i saka.