Museumsløft

Musea i fylket kan no søkje fylkeskommunen om støtte til vøling av bygg og tiltak som bidreg til å styrke fellesløysingar for musea.

Tilskotsordninga for museumsløft har som mål at dei konsoliderte musea i fylket skal

  • utviklast som sterke kunnskapssenter og organisasjonar
  • vere profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid

For Vestland fylkeskommune er det også eit mål å vidareutvikle gjeldande satsingar i Regional kulturplan for Hordaland 2015–2025, Regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019–2027 og Utviklingsplan for Vestland 2020–2024. Dei regionale planane for dei gamle fylka gjeld fram til ny regional kulturplan for Vestland er vedteken.

Kva gir vi støtte til?

  • vøling av kulturhistoriske bygg forvalta av musea i Vestland
  • tiltak som bidreg til styrking av fellesløysingar for musea i Vestland

Kven kan søkje?

Dei ti konsoliderte museumseiningane i fylket:

  • Baroniet Rosendal
  • Bymuseet i Bergen
  • Hardanger og Voss museum
  • KODE - Kunstmuseer og komponisthjem
  • Musea i Sogn og Fjordane
  • Museumssenteret i Hordaland
  • Museum Vest
  • Kraftmuseet – Norsk Vasskraft- og industristadmuseum
  • Olav H. Hauge-senteret
  • Sunnhordland museum

Søknadsfrist

1. september

Dei ti konsoliderte musea kan kvar sende inn ein søknad som gjeld eit prioritert tiltak knytt til kulturhistoriske bygg. I tillegg kan museet sende inn ein eller fleire fellessøknader med eitt eller fleire av dei andre konsoliderte musea.

Søknaden må innehalde prosjektomtale med god skildring av tiltaket og bakgrunn for søknaden. Det er viktig å leggje vekt på musea si rolle som samfunnsaktør og ein eller fleire av dei fire f-ane: forvalting, forsking, formidling og fornying.

De må leggje budsjett ved søknaden, og opplyse om når tiltaka skal gjennomførast.

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadsbehandling i Vestland fylkeskommune. Alle søknadar er offentlege.

Avdeling for kultur, idrett og inkludering førebur søknadene for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak, og vi grunngjev innstillinga i saksframlegget. Vedtak som avvik frå innstillinga til fylkesrådmannen, skal også grunngjevast.

Moment ved vurdering av søknad

  • gjennomføringsevne og realisme i prosjektet
  • kvalitet på tiltaket
  • i kva grad ei tildeling vil løyse særlege utfordringar
  • Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan 3 månader etter at
    tiltaket er gjennomført, og seinast innan 1. desember året etter at tildelingsbrev er
    motteke.
  • Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av
    søknaden. Det må søkjast særskilt om utsett rapporteringsfrist. Eventuelle vesentlege
    endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og
    godkjenning. Dersom prosjektet vert avlyst, utsett eller vesentleg endra, kan heile
    eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.
  • Det er mogleg å søkje om delutbetaling (inntil 50 prosent) av tilskotet ved oppstart eller
    undervegs i arbeidet.
  • Utbetaling av tilskot skjer i hovudsak gjennom elektronisk faktura i EHF-format. De
    har sjølve ansvar for å kontrollere at utbetalt beløp er korrekt. Eventuelt for mykje
    utbetalt tilskot skal betalast attende snarast.
  • Rapporten skal gje ei kort skildring av
    • når og korleis tiltaket vart gjennomført
    • om vilkår/føresetnader for tiltaket er gjennomført. Eventuelle avvik frå
      vilkåra skal grunngjevast. Eventuelle avvik frå søknadsgrunnlag
      (planar/budsjett) skal grunngjevast
    • i kva grad målsettinga med tiltaket er oppnådd
  • Dersom rapport/rekneskap i samsvar med krava ikkje vert levert innan fristen vil det
    vere eit brot på vilkåra for tildelinga.
  • Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at
    midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett
    til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.
  • Dei som får tilskot til publikasjonar skal levere minimum 1 eksemplar av denne til
    Vestland fylkeskommune når denne er ferdigstilt.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre – 3 – veker frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.

Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak klaga gjeld, kvifor ein klagar, og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klaga skal sendast til Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen eller til post@vlfk.no merka ”Museumsløft, klage».

Vi gjer merksam på at søkjarar etter forvaltingslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av § 18 og 19.