Lokale kulturminneplanar

Kommunane er ein hovudaktør i forvaltinga av kulturhistoriske verdiar og kan bruke desse til å utvikle attraktive og verdiskapande lokalsamfunn. Samstundes er det stor interesse og mykje lokalt engasjement knytt til historie, kulturarv og kulturminne.

Bilete av ei gate med trehus.
Eidsgata. Framveksten av tettstaden Nordfjordeid som vi ser den i dag, starta med Tverrgata og Eidsgata frå midten av 1800-talet til utpå 1900-talet.

Lokal kulturminneforvalting

Som den største forvaltaren av kulturhistoriske verdiar har kommunane behov for å skaffe seg oversikt og sette kulturminne på dagsorden for å unngå meir tap av kulturminne. Lokale kulturminneplanar skal styrke lokale kulturminneverdiar.

Riksantikvaren jobbar gjennom prosjektet "Kulturminne i kommunen - KIK" for å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturminne. Målet er at flest mogeleg av kommunane i landet skal ha ein kulturminneplan som fungerer som eit verktøy for den lokale kulturminneforvaltinga.

Lokal forankring

Kulturminneplanane har ofte vorte utarbeida av kommunane i samarbeid med frivillige og representantar frå kulturaktørar i kommunen. Lokalt eigarskap og forankring vil sikre lokalt engasjement og kompetanse. Kommunane definerer sjølve prosessen og innhaldet i ein kulturminneplan, og kan trekkje inn skular, museum, bibliotek, frivillege, sogelag osv. i arbeidet.

Formidling av planen

Nokre av kommunane har mykje kulturhistorisk innhald i planane sine, i form av tekst og foto, medan andre har meir administrative og plantekniske kulturminneplanar. Ein del kommunar har gjort som Gloppen og trykt opp bøker eller hefter, medan andre kommunar har prioritert digital publisering. I Gloppen kommune formidlar dei kulturminneplanen både i papirformat og digitalt. Slik kan kommunen nå mange interesserte.

Kulturminneplan som ressurs

Ein kulturminneplan er kommunen si oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø i kommunen og inneheld ein plan for forvaltinga av desse. Kulturminneplanen gir kommunen kunnskap om lokalhistoria og prioriterer kulturminna som ein vil ta vare på for framtida. Kulturminneplanen kan og vere viktig for areal-, plan og byggesakshandsaminga, kultur- og skuleetatane næringslivet og reiselivet.