Ønskjer du å frede eit bygg? Eller planlegg du tiltak på eit freda bygg?

Freding er det sterkaste verkemiddelet vi har for vern av kulturminne og nyttast for å sikre varig vern av kulturminne og kulturmiljø av nasjonal verdi. Her finn du informasjon om kva du kan gjere om du har eit bygg du meiner burde ha vore freda. Eller kva du må gjere om du har eit freda bygg og ønskjer å gjere noko med det.

Fylkeskommunen har forvaltningsansvaret for freda bygningar og anlegg. Det betyr at eigar kan ta kontakt med fylkeskommunen i spørsmål om freding, tiltak på eigedomen og for råd i samband med istandsetting. Private eigarar av freda bygningar og anlegg kan i tillegg søke fylkeskommunen om tilskot til istandsetting og vedlikehald av bygg.

To typar fredingar

Det er i hovudsak to typar fredingar etter kulturminnelova. Ein del kulturminne er automatisk freda:

  • faste kulturminne og mellomalderbygg frå før 1537
  • ståande byggverk med erklært opphav frå perioden 1537–1649
  • samiske faste kulturminne, som er eldre enn 100 år

Andre kulturminne kan fredast ved gjennom vedtak av Riksantikvaren. Det gjeld bygningar, anlegg, kulturmiljø og fartøy frå etter 1649. Kulturminne kan både være enkeltbygningar, kulturmiljø, kyrkjer, båtar og bruer. Ei freding kan omfatte både eksteriør, interiør og eit område rundt ein bygning.

Vil du frede eit bygg?

Fylkeskommunen førebur nye fredingssaker, og kulturminnet må ha nasjonal interesse dersom det skal vere aktuelt for fylkeskommunen å starte opp ei fredingssak. Kulturminnet må også vurderast etter Riksantikvaren sin fredingsstrategi.

Ta kontakt med fylkeskommunen for å få ei vurdering dersom du eig ein bygning eller eit anlegg som du meiner burde vore freda.

Riksantikvaren har meir informasjon om korleis ei freding vert gjennomført, og om kvifor kulturminne vert freda. Det er Riksantikvaren som gjer endeleg vedtak om freding.

Søk om dispensasjon til å gjere noko med eit freda bygg

Du kan i særskilde tilfelle få løyve til å gjere tiltak med freda bygg og anlegg, som ikkje gjev vesentlege inngrep i kulturminnet (kulturminnelova § 15).

Døme på tiltak du må søke dispensasjon frå fredingsvedtaket for:

  • Heil eller delvis utskifting av grunnmur, veggar, bjelkelag eller tak.
  • Utskifting av utvendig kledning, taktekking, vindauge, dører, listverk og piper.
  • Utskifting av veggfast inventar, til dømes skåp, senger, benkar og omnar.
  • Endring av målingstype eller farge, fjerning av eldre fargelag, å måle over dekor og liknande.
  • Tilbakeføring av bygningen til tidlegare dokumentert tilstand.

Det er fylkeskommunen som behandlar søknadar om dispensasjon frå fredingsvedtak. Søknaden må vere skriftleg, og du skal få svar innan ein månad. Ver merksam på at du også må søke løyve til å kontakten kommunen for å avklare om tiltaket er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Ta gjerne kontakt med fylkeskommunen når du startar planlegginga av tiltak på eit freda bygg. Då kan vi avklare kva tiltak som krev dispensasjon, og kva tiltak som ikkje krev det. Om vedtaket om dispensasjon set vilkår som gjer tiltaket dyrare enn planlagt, kan du ha krav på å få dekt meirkostnadar heilt eller delvis jf. kulturminnelova.

Krav til søknad

Søknad om dispensasjon frå vedtak om freding må ha med følgjande:

  • Kva bygning det gjeld.
  • Skildring av kva tiltak du søker dispensasjon for.
  • Skildring og foto av skaden eller behovet for istandsetting.
  • Skildring eller illustrasjon av korleis tiltaket skal utførast.
  • Eigar sin signatur. Om andre søker på vegne av eigar, må de leggje ved fullmakt.

Her kan du lese kva retningslinjer Riksantikvaren har for dispensasjonshandsaming.

Dette kan du gjere med eit freda kulturminne utan dispensasjon frå kulturminnelova:

  • Du kan utføre vanleg vedlikehald som å ta vare på og reparere eksisterande bygningsdelar, t.d. veggar, tak, vindauge, dører, listverk og overflater. Vanleg vedlikehald skal skje med tradisjonelle metodar, utføring og materialbruk og på ein måte som ikkje reduserer dei kulturhistoriske verdiane til bygningen.
  • Du kan skrifte vêrutsette bygningsdelar som vassbord og vindskier, føresett at dei nye delane har tradisjonell utføring og materialbruk.
  • Du kan endre kjøken og våtrom som er laga til etter at bygningen vart freda, om det ikkje fører til bygningsmessige endringar.

Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du er i tvil om eit tiltak er vanleg vedlikehald, eller om det krev dispensasjon. Vi kan også gi råd og rettleiing om korleis vedlikehaldet bør gjerast.

Når vi fredar ein bygning eller eit anlegg er det for å sikre eit varig vern av eit tverrsnitt av kulturminne frå heile landet. Dei freda bygga og anlegga skal representere ulike etniske og sosiale grupper, tidsepokar, næringsvegar og verksemder.

Ein bygning eller eit anlegg vert freda fordi dei har kvalitetar som har verdi for både eigar, brukar og samfunnet. Freding skal sikre at verdiane vert tekne vare på for framtida.

Riksantikvaren har ein strategi for nye fredingar, Fredingsstrategi mot 2020, som du kan lese på nettsida til Riksantikvaren. Der har dei valt ut ti prioriterte tema. Målet er å frede viktige kulturminne frå kvar av desse.

Utvalde tema i Riksantikvaren sin fredingsstrategi er

  • forsvars- og krigshistorie
  • nasjonale minoritetar
  • kulturminne i utmark
  • handel
  • fellesskap og demokrati
  • rekreasjon, fritid og folkehelse
  • ferdsel
  • industri
  • busetjing etter industrialiseringa
  • etter-reformatoriske, arkeologiske kulturminne

Ein landsverneplan er ei oversikt over offentlege eigedomar som t.d. helsesektoren, jarnbanesektoren eller forsvarssektoren ønskjer å bevare i samarbeid med Riksantikvaren.

Det er eit mål å bevare bygningar som viser breidda i statleg verksemd og som kan bidra til å forstå historia til og utviklinga av det norske samfunnet. Alle statlege eigarar av kulturhistoriske eigedommar skal lage sektorvise landsverneplanar og forvaltningsplanar for eigedommane sine. Slik får vi synleggjort mangfaldet av slike eigedomar.

Landsverneplanane gjev grunnlag for å vurdere forskriftsfreding etter kulturminneloven. Det er Riksantikvaren som vedtek forskriftsfredingane.