foto av kunstverket Modulære refleksjoner på bybanestoppet på Flesland. Det er vegg av speglar i ulike vinklar.

Modulære refleksjoner

Relieffet og dei reflekterande flatene i verket gjer at kunstverket aldri står fram på eitt og same vis. Det er i stadig endring anten det er den reisande sjølv som flyttar på seg, eller refleksjonar som blir aktiverte gjennom andre hendingar i omgjevnadane.

Tittel
Modulære refleksjoner
Kunstnar
Anders Sletvold Moe
Stad
Bergen lufthavn Flesland - Vis i kart
Materiale
Aluminium og syrefast stål
Årstal
2017

Modulære refleksjoner er eit veggrelieff i aluminium og syrefast stål. Det er bygd opp av 84 modular. Flatene i modulane har varierande fargar, struktur og glans, og dei har formmessige koplingar til fasadeplater på terminalbygget til Avinor.

Samla utgjer platene ein komposisjon på 2,4 x 35 m på den 56 m lange betongveggen. Komposisjonen strekker seg ut i lengderetning for å gje ei oppleving av høg fart. Formene kan minne om eit bylandskap sett frå eit hurtigtog, der former og vinklar blir abstraherte i forbifarten.

Kunstverket er eigd av Vestland fylkeskommune.