Kjankaren
Å «kjanke» er eit gammalt bergensuttrykk om barn som heng seg etter bussen midtvinters og lar seg dra på glatte sko.
- Tittel
- Kjankaren
- Kunstnar
- Gisle Frøysland
- Stad
- Skjoldtunnelen
- Materiale
- LED-lys
- Årstal
- 2015
Frøysland har laga ein elektronisk kjankar.
På begge sider av tunnelveggen er store panel med LED-lys. Når Bybanen passerer vil elektroniske sensorar starte ein flokk med lysande «kjankarar» som følgjer vogna innover i tunnelen.
Videoen syner ei bybanevogn som køyrer inni tunnel og kunstverket som lyser ved sidan av.
Kunstverket er eigd av Vestland fylkeskommune.