Kunstverk i innvendig tak i bybanevogner.

Innvendige tak i vognsett – Aurora Lund Solberg

Aurora Lund Solberg sine vassmåleri til taka i bybanevognene er mellom anna inspirerte av sjølve bybanetraseen.

Kunstnar
Aurora Lund Solberg
Stad
Innvendige tak i bybanevogner
Materiale
Vassmåleri
Årstal
2022

Eit gjennomgåande landskapstrekk er såkalla «blå kvalitetar», det vil seie nærvær av vatn i ei eller anna form. Sjølv om det kan verke som at fargane har hovudrolla i måleria, seier kunstnaren at det er vatnet som er den eigentlege sjefen.

Det er vatnet som gjev målinga rørsle og gjer fargane transparente og lysande. Resultatet er eit frodig fargelandskap som tilbyr eit frirom for oss reisande. Kan vi for ein augneblikk gløyme verda rundt oss?

Vestland fylkeskommune eig kunstverka.