Ny vidareutdanning: Open forsking og vitskapeleg kommunikasjon i folkebibliotek

Vil du lære meir om kunnskapsformidling i bibliotek? Det nye nettstudiet «Open forsking og vitskapeleg kommunikasjon i folkebibliotek» (10 studiepoeng) rettar seg mot deg som jobbar i folkebibliotek og vil bli tryggare i rolla som vegvisar i den store mengda forskingsbasert kunnskap som er ope tilgjengeleg for alle.

illstrasjonsfoto av to personar ved ein pcNettstudiet «Open forsking og vitskapeleg kommunikasjon i folkebibliotek» vert tilbydd av bibliotekarutdanninga ved OsloMet, og er ein del av prosjektet «Kompetanseløft for formidling av forskingsbasert kunnskap i folkebibliotek». Prosjektet er eit samarbeid mellom OsloMet og fylkesbiblioteka i Noreg, og vert støtta av Nasjonalbiblioteket.

Kva lærer du?

  • Du vil få auka kompetanse i søk og formidling av kjelder til vitskapeleg kunnskap og i å vurdere formelle krav til faglege tekstar. 
  • Den praktiske delen av studiet gir deg øving i søk og attfinning i relevante databasar. Du får særleg kunnskap om norsk forsking og dei økonomiske modellane for open tilgang. 
  • Du vil også få erfaring med læringsplattforma og verktøya som vert nytta i norsk høgare utdanning, som vil gjere deg betre rusta til å rettleie studentar som bruker biblioteket.  

Mål med studiet

Målet er å styrkje folkebiblioteka som opne, uavhengige og tilgjengelege kunnskaps- og læringsarenaer. Med satsing på livslang læring, utdanning i heile landet, regional kompetansheving og fleire fjernstudentar opplever mange folkebibliotek auka besøk av studentar og andre som treng tilgang til forskingsbasert kunnskap. Biblioteket har ei viktig oppgåve i å rettleie brukarane i å finne, vurdere og nytte forsking som er ope tilgjengeleg. 

Nettstudiet «Open forsking og vitskapeleg kommunikasjon i folkebibliotek» skal gjere deltakarane tryggare i rolla som rettleiar og kunnskapsformidlar, og bidra til at folk i heile landet får tilgang til forskingsbasert kunnskap.  

Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse.  

Gjennomføring og kostnader

Dette er eit nytt nettstudium som OsloMet tilbyr. Målgruppa er tilsette i biblioteksektoren. Midlar frå Nasjonalbiblioteket dekkjer 40 studieplassar hausten 2024. Du betaler berre semesteravgift ved OsloMet.  

Studiet er nettbasert. Arbeidsformene vekslar mellom videoforelesningar, nettdiskusjonar, seminar og sjølvstudium. Det er to individuelle arbeidskrav, elles er det ingen obligatoriske aktivitetar. Studiestart er i september 2024. 

Søknadsportalen åpner 1. april 2024, søknadsfrist er 15. juni 2024. Les meir om videreutdanninga hos OsloMet: Åpen forskning og vitenskapelig kommunikasjon i folkebibliotek

Fylkesbiblioteket vil bidra med fagleg støtte undervegs og tilretteleggje for regional nettverksbygging. 

Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål.