Bibliotekturnéar
Er du tilsette i eit bibliotek i Vestland og har eit kurs- eller turnéønskje? Vi organiserer og koordinerer turnear til biblioteka for å hjelpe dei til å vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt.
Biblioteka skal stå fram som aktørar og leverandørar av gode og kvalitetssikra arrangement, debattar og anna kulturell verksemd i lokalsamfunna.
Ut frå tilgjengelege ressursar organiserer vi og støttar turnear i biblioteka. Vi arbeider enten som produsent eller turneplanlegger.
I samarbeid med biblioteka, eller på initiativ frå utøvarar, finn vi gode tilbydarar innan eit breitt spekter av uttrykk. Vi tek utgangspunkt i aktuelle tema som rører seg i samfunnet/tida og skapar gode debattar og samtaler.
Dette kan vi hjelpe med
Vi bidreg med fornuftig turneplanlegging, og vi har i mange tilfelle kontakt med utøvar om praktisk gjennomføring, bestilling av fly og hotell, kontraktar med utøvar, marknadsføringsmateriell og evaluering av arrangementa.
Turnear 2022
Monsterbesøk – utandørs figurteater ved Adele Duus
Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre?
I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter vi Adele Duus i alle rollane.
Framsyninga varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.
Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, omsett av Tove Bakke. Denne boka er den femte i den populære serien som forfattartrioen frå Island står bak.
Framsyninga er produsert av Adele Duus med støtte frå folkeakademia i Sogn og Fjordane og Hordaland og Vestland fylkeskommune.
Turneliste
Lørdag 29. jan - Øygarden
Søndag 30. jan - Alver
Fredag 18. feb - Stord
Fredag 18. feb - Fitjar
Lørdag 19. feb - Kvinnherad
Søndag 20. feb - Tysnes
Torsdag 10. mars - Lærdal
Fredag 11. mars - Sogndal
Lørdag 12. mars - Luster
Søndag 13. mars - Årdal
Torsdag 12. mai - Fjaler
Fredag 13. mai - Fedje
Søndag 15. mai - Etne
Torsdag 19. mai - Samnanger