Tilskot til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka (2024)

Fylkeskommunen lyser ut midlar til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka. Tilskotsordninga skal stimulere biblioteka til å gjennomføre kompetanseheving, prosjekt og tiltak som gjev eit betre tilbod til brukarane av bibliotektenesta. Terskelen for å søke midlar og gjennomføre tiltaka skal vere låg, og ordninga gjev rom for å støtte mindre prosjekt.

Vestland fylkeskommune ønskjer å styrke biblioteka i Vestland, jf. «Kultur bygger samfunn» Regional plan for kultur 2023–2035 og lyser ut tilskot til prosjekt- og kompetanseheving i biblioteka. Ordninga skal bidra til at dei kommunale biblioteka får utvikle og prøve ut nye tiltak i tråd med føringane i nasjonal bibliotekstrategi om biblioteket som aktiv formidlar, møteplass og arena for offentleg samtale og debatt.

Utvikling i det enkelte folkebibliotek, fornying av tilbod og tenester og personale med oppdatert kompetanse skal gje innbyggjarane tilgang til kunnskap, litteratur og kulturopplevingar, og høve til å delta i skapande aktivitetar og sosiale og lærande fellesskap.

Ordninga gjeld kommunar i Vestland fylke for tiltak i folkebibliotek.

Tiltak vert støtta med inntil 50 000 kroner. Dersom fleire kommunar samarbeider, kan ein søkje om inntil 100 000 kroner. Det er ikkje krav om kommunal eigendel.

Det blir gjeve støtte til prosjekt og tiltak i biblioteket innanfor desse satsingsområda:

  • debatt og samtale i biblioteket
  • aktiv formidling på ulike plattformer og arenaer
  • tilrettelegging av skapande verksemd i biblioteket
  • lesestimulering og fremjing av nynorsk språk og litteratur
  • auka digital kompetanse i befolkninga
  • samarbeid med andre bibliotek eller institusjonar og frivillige lag og organisasjonar

Det blir òg gjeve støtte til:

  • studiepoenggivande etter- og vidareutdanning
  • å arrangere kurs og konferansar for bibliotektilsette i fylket, der målgruppa er tilsette i fleire kommunar

Det kan søkast om støtte til personalkostnader for gjennomføring av prosjekt. Innkjøp av utstyr vil berre bli støtta i den grad det er vesentleg for gjennomføring av tiltaket.

  • Tiltak som bør vere del av vanleg drift.
  • Tiltak som er igangsett før søknadsfrist.

Vestland fylkeskommune vurderer søknadane og fattar vedtak om tildeling av midlar etter ei heilskapleg, skjønsmessig vurdering av korleis tiltaket oppfyller målet med ordninga og krav for tildeling.

Krav:

  • Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet, med budsjett og plan for gjennomføring.
  • Det skal kome tydeleg fram kvifor ein vil gjennomføre tiltaket og kva mål ein vil oppnå.
  • Det skal kome tydeleg fram kva satsingsområde søknaden fell inn under.

Vurdering:

Det vert i tillegg lagt vekt på dette når vi tildeler midlar:

  • At tiltaket fører til eit utvida tilbod og betre tenester for publikum.
  • At tiltaket er nyskapande eller nytt i det aktuelle biblioteket.
  • Fordeling mellom biblioteka.

Tiltak som ikkje vert prioriterte ved tildelinga, kan søkje på nytt ved ny utlysing.

22. mars 2024

Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.   

Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist. 

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden.  

Vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning. 

Tilskotet vert fullt utbetalt etter at det er gjennomført, og på bakgrunn av innsendt og godkjent rapport og rekneskap. Krav til rapportering vert sendt i tildelingsbrevet. Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll. 

Tilsegn om tilskot gjeld i inntil to år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom

  • tiltaket ikkje er igangsett innan eit år etter svar er sendt ut
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet innan to år etter svar er sendt ut

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.     

Tilskotsmottakar kan bli bedt om å dele erfaringar frå prosjektet med andre bibliotektilsette i fylket på bibliotekdagar, møte og liknande.