Bibliotekstatistikk

Alle bibliotek skal kvart år rapportere inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Fylkesbiblioteket rettleier folkebiblioteka, og kvalitetssikrar det som blir rapportert.

Statistikken er nyttig for å sjå på utvikling over tid, samanlikning mellom biblioteka og som grunnlag for rådgjeving. 

Levering av statistikk

Statistikk skal leverast til Nasjonalbiblioteket på elektroniske skjema. Folkebibliotek har eiga underside på bibliotekutvikling.no der dei registrerer statistikken. Skulebiblioteka skal f.o.m. statistikkåret 2021 ikkje lenger levere statistikk til Nasjonalbiblioteket.

Statistikken skal leverast kvar vår. Nasjonalbiblioteket sender ut informasjon om når skjema blir opna og om fristar for levering. 

Levert statistikk

  • bibstat.no/ finn du ei oversiktleg framstilling av bibliotekstatistikk for kvar enkelt kommune, og kan også samanlikne tal for fleire kommunar.
  • Nasjonalbiblioteket publiserer statistikk på sine statistikksider.
  • Ein del tal blir publiserte i SSBs årlege Kulturstatistikk og i KOSTRA.

Ta kontakt med oss om du treng hjelp eller informasjon.