Stadnamn

Fylkeskommunen arbeider med innsamling, vern og formidling av stadnamn i Vestland. Stadnamna er ei spanande kjelde til historia vår, og kan gje opplysningar både om naturtilhøve og om tidlegare tiders daglegliv og fest. Namna er også viktige referansepunkt i terrenget.

Kva har vi?

Vi har ei samling med stadnamn på meir enn 257 000 namn. Av desse er 228 480 publiserte på nettsida, og dei fleste er kartfesta. Namna kjem frå alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane og er eit resultat av ei stor innsamling i 1985/86. Fleire kommunar har også seinare arbeidd med å supplere innsamlinga si og slik samla inn fleire namn i nyare tid. Innsamlinga blir arkivert i magasina her på fylkesarkivet. 

I tillegg til stadnamna frå 1980-talet og seinare, har fylkesarkivet papirkopiar av «Skulebarninnsamlinga» som Gustav Indrebø arrangerte på 1930-talet. Kopiane inneheld det som blei innlevert frå barneskular i Sogn og Fjordane. Her finn du berre namnelister, ikkje kartfesting.

Det er mogleg å bestille kopi av lister for eit avgrensa område og få desse tilsendt. 

Formidling

For å halde stadnamna i levande bruk er formidling viktig. Flest mogeleg må få tilgang til dei innsamla stadnamna. 

For tidlegare Hordaland er det Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen som har ansvar for stadnamnarbeidet. I karttenesta Hordanamn  kan du søke i denne stadnamnsamlinga på nett: hordanamn.uib.no