No er skulearkiva frå Balestrand, Stryn og Jølster tilgjengelege på Digitalarkivet!

I arkiva etter skulane finn vi mellom anna skuledagbøker og karakterprotokollar frå krinsane. Desse protokollane kan vere av interesse for deg som er interessert i skulehistorie, lokalhistorie eller slektsgransking.

Det er om lag 250 protokollar frå kommunane Stryn, Jølster og Balestrand som no er digitalisert. Det er i all hovudsak snakk om historisk arkivmateriale fram til kommunereforma i 1964. Materiale som er eldre enn hundre år kan du fritt bla i på Digitalarkivet. Ynskjer du tilgang til arkiv yngre enn 1923, kan du ta kontakt med oss og be om tilgang.

Skuledagbøkene inneheld lister over elevane på dei ulike skulane, ofte med nokre notat om skulekvardagen frå lærarane. I dei eldste protokollane finn ein også informasjon om kvar skulen har vore heldt i dei krinsane det var omgangsskule. 

I karakterprotokollane finn ein også listar over elevane, og kva karakterar dei har fått. Det er her ein må leite om ein vil vite korleis oldemor gjorde det i lesing og kristendomskunnskap då ho var barn. Det er også protokollar med oversikt øver konfirmantar. 

Om du vil lære meir om skulehistoria i Vestland, kan du gå inn på skulenmin.no. Her ligg det både historiske foto og informasjon om skulekrinsane, skulehusa og meir frå Vestland si skulehistorie. 

Dette arbeidet har vorte gjort med arkivutviklingsmidlar frå Arkivverket.