Kontaktkonferansen 2024
28. og 29. mai 2024 inviterer Kommunearkivordninga i Vestland alle våre medlemskommunar til Gloppen hotell på Sandane, til den årlege kontaktkonferansen.

Statsråd Oddmund Hoel kjem på konferansen vår i år for å snakke om kva kompetanse kommunane og arkivinstitusjonane treng no og i framtida. I tillegg til dette vert det fleire spennande faglege innlegg og diskusjonar. Vi gler oss!
Program for Kontaktkonferansen 2024
Dag 1 – tysdag 28. mai
10.00 Registrering
10.30 Kva kompetanse treng kommunane og arkivinstitusjonane no og i framtida
Oddmund Hoel, forskings- og høgare utdanningsminister og professor ved Høgskulen på Vestlandet, held ein hovudinnlegg.
11.20 Innlegg frå:
- Kenneth Stigen Fureli, leiar for dokumentsenteret i Vestland fylkeskommune
- Marit Kvalen, arkivleiar i Luster kommune
- Karl Fredrik Balchen, ordningsmedarbeidar ved KAV
Refleksjonar og diskusjon
12.30 Lunsj
13.30 Bevaringsplan for privatarkiv i Vestland – Linn-Cecilie Salomonsen, Vestland fylkeskommune
14.00 Tilsyn – erfaringar frå Høyanger og Fjaler
15.00 Brannen i Gloppen - Introduksjon og omvising på rådhuset v/Sissel Hauge Søreide, arkivleiar, og Kjell Aske, brann- og beredskapssjef i Gloppen kommune
17.00 Program slutt
18.30 Sosialt program på Nordfjord museum (Eiga påmelding kjem.)
20.00 Middag på Gloppen hotell
Dag 2 – onsdag 29. mai
07.45 Tur til dagsturhytta/TIN camp med matpakke frå hotellet (Eiga påmelding kjem.)
09.30 Digitalt skapte arkiv
- Orienteringar og diskusjon v/Kristian Skjellaug og Espen Sæterbø, KAV
- Nye system og arkiv v/ Geir Kåre Utmo, Vestland fylkeskommune
10.30 Deponering av papirarkiv til nytt arkivbygg
- Status og oppdateringar v/Sigrun Espe, KAV
- Plan for mottak frå kommunane v/Olav Haugen, KAV
- Arbeid med skada arkiv v/Kristine Rohde, KAV
- Ordning av arkiv – Kva gjer vi og kvifor gjer vi det? v/Espen Sæterbø, KAV
12.15 Arkiv – beingrind eller kakepynt for musea – v/Annette Langedal Holme, museumsleiar ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane
13.00 Lunsj
14.00 Tilsette frå KAV er tilgjengelege for spørsmål og diskusjon
15.00 Avslutning
Les meir om tidlegare konferansar vi har arrangert: