Fylkesting for ungdom

Fylkesting for ungdom 2023 vert i Bergen 5. –7. april. Dette er det øvste talerøyret for ungdom i Vestland fylke.

Fylkesting for ungdom skal arbeide med å ta vare på interessene til ungdom i Vestland og auke samfunnsengasjementet hos ungdomen. Målet er å fremje ungdomsmedverknad, politisk engasjement og gi innsyn i demokratiet som styreform og folkestyret som grunnverdi.    

Kva gjer fylkesting for ungdom?

Fylkesting for ungdom har ein årsmøtefunksjon overfor Vestland ungdomsutval, der ungdomsutvalet rapporterer til fylkesting for ungdom om arbeidet sitt i løpet av året. Fylkesting for ungdom behandlar fjorårets rekneskap, årsmelding og forslag til budsjett for komande periode. I tillegg lagar og vedtek dei ungdommens planprogram, det øvste politiske dokumentet for Vestland ungdomsutval. Planprogrammet inneheld måla til VU, og kva fylkesting for ungdom meiner på konkrete politiske saker den komande perioden. 

Arrangementet skal også vere sosialt og bidra til å styrke samarbeidet mellom Vestland ungdomsutval og ungdomsråda i kommunane.

Kven er med i fylkesting for ungdom?

Fylkesting for ungdom er eit demokratisk og partipolitisk nøytralt organ. Sjølve tinget vert arrangert ein gong i året og er for ungdom mellom 13 og 19 år, som bur i Vestland. 

Kvar kommune i Vestland, uavhengig av folketal, kan sende to delegatar til fylkesting for ungdom. Desse skal veljast frå dei kommunale ungdomsråda. Delegatar stiller med tale-, forslags- og røysterett. 

Om kommunane ynskjer å sende fleire representantar er det plass til totalt ti observatørar. Desse stiller med talerett, men utan forslags -og røysterett. Her er det snakk om å vere dei fyrste til å melde frå om ynskje av desse plassane.

På fylkesting for ungdom vert det mogleg å stille til val til Vestland ungdomsutval. Nedre aldersgrense er 13 år og øvre aldersgrense er fram til fylte 19 år. Det er berre delegatar som kan stille til val.

Informasjon om arrangementet

Fylkesting for ungdom startar klokka 17 fredag og blir avslutta klokka 14 søndag. Sakspapir med program blir sendt ut ca. 2 veker før. 

Det er ein eigenandel på 3200 kr per deltakar, som dekker alt utanom reise. Avmelding etter fristen vert fakturert fullt ut. 

Det vert lagt opp til dobbel- og trippelrom. Det er mogleg å komme med romønskjer, og vi tilpassar dette så langt det er mogleg. Ved behov for enkeltrom må kommunen sjølv dekke dette.

Samtykke

Kvar kommune er ansvarleg for at sine delegatar har nødvendig samtykke til å delta på arrangementet.