Ressursforum for massehandtering i Vestland
Gjenbrukbare massar er viktige ressursar som vi må ta godt vare på. Vi veit kva som står på spel. No må vi finne ut korleis vi kan lukkast. Hovudtema for samlinga er areal og plan.
Vi treng fleire eigna areal om vi skal lukkast med meir sirkulær massehandtering. Samstundes treng vi å løfte god massehandtering endå høgara opp på agendaen i planlegginga av prosjekt.
Målgrupper
Vi inviterer utbyggjarar, entreprenørar, myndigheiter, konsulentar og andre interesserte til ei samling for fagleg påfyll og gode samtalar om sirkulær massehandtering.
Program
Programmet blir lagt ut her når det er klart.
Innhald
- Myndigheitene orienterer om krava til eigna areal.
- Drøfting: Kva skal til for å etablere gode areal til mottaksanlegg og mellomlager?
- Innlegg frå ulike aktørar i massehandtering.
- Drøfting: Korleis kan vi lukkast med å løfte massehandtering i planprosessar?
Arrangementet er gratis og startar med ein enkel lunsj.
Viktig å merke seg
- Påmeldinga er bindande. Du kan endre påmeldinga innan påmeldingsfristen onsdag 11. juni.
- Eventuell endring gjer du frå kvitteringa du får på e-post når du melder deg på. Ta derfor godt vare på kvitteringa.
- Avbod etter påmeldingsfristen blir fakturert med 550 kr.
- Har du spørsmål til oss, kan du sende dei inn her.