Regional integreringskonferanse 2025

"Berekraftig integrering – Styrking av rettleiarrolla og samhandling mellom kommune og frivilligheit"

Kommunar, organisasjonar og frivillige lag og foreiningar som jobbar med integrering er inviterte til regional integreringskonferanse 2025. Bli med og diskuter korleis vi kan løyse komplekse oppgåver med ein stadig meir pressa kommuneøkonomi. 

I årets regionale integreringskonferanse spør me om korleis kommunar og organisasjonar kan samarbeide for å løyse lokale integreringsoppgåver. Korleis kan ein sørge for robuste tenester som handterer stadig opp- og nedbygging og kva rolle kan frivilligheita spele i det generelle integrerings- og inkluderingsarbeidet i kommunane?

Målgruppe: Kommunar, organisasjonar og frivillige lag og foreiningar som jobbar med integrering

Stad: Innlegga haldast fysisk i Bergen og straumast til Førde. Gruppearbeid og felles lunsj føregår begge stadar.

Program

09.00 - 09.20 Innleiing frå Vestland Fylkeskommune og FFKF Vest
09.20 - 09.45 IMDi, avdeling busetting
09.45 - 10.45 Valeria Markova, Bergen kommune/RVTS Vest
10.45 - 11.00 PAUSE
11.00 - 12.00 Gruppearbeid BOLK 1
12.00 - 13.00 LUNSJ
13.00 - 13.30 Døme frå Voss: tverrfagleg samarbeid på tvers av kommune og frivilligheit
13.30 - 14.00 NORCE. Barrierar og inngangsportar for rekruttering av innvandrarar til frivilligheita. Kva veit vi?
14.00 - 15.00  Gruppearbeid BOLK 2
15.00 - 15.15 PAUSE
15.15 - 15.30 Rasisme - kva hjelpemidlar har vi for kartlegging og bekjemping?
15.30 - 16.00 Oppsummering og vél heim

 

Dei siste åra har heile landet sett rekordstore busettingstal som følgje av krigen i Ukraina. Kommunane i Vestland har også gjort eit enormt løft med å bygge opp tenester og kompetanse for å møte auka behov. Fleire har tilsett mange nye medarbeidarar, og den kommunale førstelina har rigga seg for nye brukargrupper. 

Med auka trykk på kommunale tenester kjem òg auka trykk på frivillig sektor Nokre melder om at det er utfordrande å stå i møte med personar som har store behov for rettleiing og bistand til å navigere det norske systemet. Frivilligheita står sterkt i Noreg, men fleire melder om at dei slit med å rekruttere nye innbyggarar til lag og foreiningar; både til tillitsverv og til anna frivillig arbeid.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) oppmodar kvart år kommunane om kor mange flyktningar dei ønskjer at skal verte busett i kvar kommune. Desse oppmodingstala er i 2025 justert ned etter at busettingsbehovet viste seg å vere mindre enn venta, og det er naturleg å vente seg at talet på deltakarar på introduksjonsprogram i kommunane vil gå ned frametter. Tross dette vil det framleis vere stort behov for oppfølging på integreringsfeltet frå kommunal førsteline og presset på tenestene vil halde fram i førseieleg tid etter fleire år med rekordhøge tal.

Vi i Vestland fylkeskommune, i samarbeid med Fagleg Forum for Kommunalt Flyktningarbeid Vestland (FFKF Vest), gler oss til å sjå dykk 10. oktober!

Påmeldingsavgift: kr 150,- (inkluderer lunsj og kaffimat)