Oppstartsseminar: Samarbeid mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar

Vestland fylkeskommune inviterer deg som vil vere med og gjere ein forskjell. No startar vi arbeidet med å gjere Vestland til ein antirasistisk sone – og vi treng deg med på laget!

Dette seminaret markerer starten på eit breitt samarbeid for å motverke rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar i fylket vårt. Her får du  høve til å dele erfaringar og kunnskap, og til å møte andre som brenn for same sak. Vi ønskjer å lytte til deg – og bygge noko viktig saman.

Målgruppe

Alle som ønskjer å bidra til å gjere Vestland antirasistisk.

  • Kommunar og ungdomsråd
  • Politiske parti og ungdomsorganisasjonar
  • Arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonar
  • Interesseorganisasjonar og frivillige
  • Kompetansemiljø og fagpersonar
  • Ungdommens fylkesting
  • ... og andre engasjerte aktørar

Program for dagen

09.00 – 09.30 | Registrering og morgonkaffi
– Lett servering og uformell vrimling

09.30 – 09.40 | Velkomen
– v/ Vestland fylkeskommune
– Konferansier: Sunniva Ingemårsen frå Likestillingssenteret på Vestlandet

09.40 – 10.20 | Fungisai Gwanzura Ottemöller
– Førsteamanuensis og instituttleder, Institutt for Helse, miljø og likeverd (HEMIL), UiB (Merk: Dette innlegget er på engelsk.)

10.20 – 10.30 | Pause

10.30 – 11.15 | Daniel Getaneh Hatland
"Kunsten å skape tilhøyrsle" – erfaringar og refleksjonar

11.15 – 12.15 | Gruppearbeid 1: Refleksjon og erfaringar
– Kva utfordringar ser vi? Kva har vi med oss?

12.15 – 13.00 | Lunsj og vrimling

13.00 – 13.45 | Panelsamtale: "Kva kan vi gjere?"
– Gode døme på tiltak og satsingar.
Paneldeltakarar er Fungisai Gwanzura Ottemöller, Mouhcine El Kamlichi og Michal Abraha Solomon
– Ordstyrar: Leila Rezzouk, dagleg leiar i Papillon

13.45 – 14.40 | Gruppearbeid 2: Handlingsrom og samarbeid
– Kva tiltak ønskjer vi å setje i gang saman?

14.40 – 14.50 | Deling frå grupper i plenum
– Konkrete forslag og tiltak

14.50 – 15.00 | Avslutning og vegen vidare
– Kor går vi herifrå?

 Praktisk informasjon

  • Seminaret er gratis, og vi spanderer lunsj og kaffipausar
  • Oppmøte Bergen: Resepsjonen i Vestlandshuset, Lars Hilles gate 22
  • Strømming og gruppearbeid vert også gjennomført frå fylkeshuset i Førde
    - Hugs å velje riktig stad i påmeldinga!
  • Ved manglande oppmøte utan avmelding sender vi deg faktura på kr. 150,-
  • Avmeldingsfrist: tysdag 27. mai

Meld deg på innan 27. mai!

Velkomen til seminar!