Fredingsmarkering for Otternes bygdetun i Aurland
Otternes bygdetun i Aurland blir freda. Det markerer vi torsdag 15. mai, og alle er velkomne til å delta.
Det blir helsingar frå
- Aurland kommune ved ordførar Kjell Bøe Bjørgum
- Vestland fylkeskommune ved fylkesordførar Jon Askeland
- Riksantikvaren ved ass. riksantikvar Audun Skeidsvoll
I tillegg får vi høyre om historia til Otternestunet, og Stiftinga Otternes bygdetun
vil fortelje om sitt arbeid og samarbeidspartnar.
Det blir enkel servering og fleire av husa i tunet vil vere opne for publikum.
Transport
Det blir ikkje mogleg å parkere ved Otternestunet denne dagen, men det blir sett opp transport frå både Aurland og Flåm. Det vert retur tilbake etter at arrangementet er ferdig.
- Transport frå Aurlandsvangen kl.11.30 – avstigning på Aurlandsvangen
kl. 14.30 - Transport frå Flåm kl. 11.00 – avstigning i Flåm kl. 15.00
Har du spørsmål vedrørande transporten kan du ta kontakt med Jon E. Tamnes i Stiftinga Otternes bygdetun, tlf. 91 35 74 49.
