Bransjedag 2025 - Høgt ambisjonsnivå i urolege tider
Vestland er i ei tid med store endringar, og vi må ruste oss for dei utfordringane som ligg framfor oss, seier avdelingsdirektør Dina Lefdal. Fylket har ambisiøse mål og store utfordringar innan veg og samferdsle. For at fylket skal lukkast, må bransjen lukkast. Korleis skal vi gjere dette ilag?
Infrastruktur- og vegavdelinga i Vestland fylkeskommune inviterer entreprenørar og rådgjevarar til bransjedag tysdag 18. februar, kl. 09.00-15.00.
Program
Innleiing
v/Gunhild Vangsnes, leiar for planlegging og utbygging
Status fylkesveg 2025
v/avdelingsdirektør Dina Lefdal
Meir for pengane - praktiske døme og vidare arbeid
v/John Martin Jacobsen, avdelingsleiar Vegforvaltning VLFK
Prosjektportefølje vedlikehald og kontraktstrategi i driftskontrakt
v/Eivind Yttri, avdelingsleiar Vedlikehald, drift og beredskap i VLFK
Prosjektportefølje plan og utbygging
v/ leiarane for dei fire utbyggingsseksjonane i Vestland
Lunsj og mingling. Stasjonar der Vestland fylkeskommune er tilgjengeleg for spørsmål og innspel.
Klima- og miljøkrav i kontrakter - kva har skjedd sidan sist
v/ Brit Borsheim Henriksen, juridisk/innkjøp VLFK
Det grønne skiftet, kva har entreprenørar lukkast med så langt
v/ MEF - Roger Bø, Sartor Drange og Bjørn Rivenes, Rivenes AS
Våre erfaringar frå investering i el-utstyr
v/ Vassbakk og Stol
Debatt/spørsmål frå salen
