Prosjektsamling for bibliotektilsette

Bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune arbeider for betre samarbeid mellom biblioteka i fylket. Samarbeid om prosjekt er eit viktig område, og for å auke kompetansen inviterer vi til ei samling om prosjektarbeid.

Program

Prosjekt i biblioteka dreiar seg ofte om tenesteutvikling der brukarinvolvering er viktig, vi startar difor samlinga med tema brukarmedverknad. Deretter blir det ein heil dag med prosjektverkstad.

Onsdag 10. april - Brukarmedverknad

12.00  Lunsj
13.00  Velkommen
13.15  Om samskaping, Pernilla Hjermann, Vestfold fylkesbibliotek
13.45  Bruk av samskaping i praksis, Mari Rettedal Westlake, Gjesdal kommune
14.05  Pause
14.25  Diskusjon/gruppesamtale  
15.00  Brukardreven innovasjon i bibliotek, Signe Ytrøy, Etne bibliotek  
15.20  Oppsummering
Ca 15.30 Slutt fagleg program          

17.00  Besøk på Kvam folkebibliotek

19.00  Middag  

Torsdag 11. april - Verkstad prosjektarbeid

Kristian Spilhaug frå Sopra Steria leier oss gjennom dagen, med teori og praktisk jobbing med eksempel.

Ca. tidsplan:
08.30: Velkommen og introduksjon
09.00: Hvordan velge prosjekter + velge case
10.00: Hvordan planlegge prosjekter
12.00: Lunsj
12.45: Hvordan starte opp prosjekter
13.30: Hvordan gjennomføre prosjekter
15.00: Hvordan avslutte prosjekter
15.30: Ferdig
Det blir tilpassa pausar undervegs.

Vi baserer oss på prosjektveiviseren/PRINCE2, men skalert ned til bruk på mindre prosjekt i biblioteka. 

For å ha det praksisnært vil vi jobbe med relevante prosjektidéar som eksempel. I påmeldingsskjemet kan de difor kome med innspel til tema, anten det er eit konkret prosjekt de har planar om, eller ein idé de synes er interessant. (Vi vil jobbe i grupper, så vi kan ikkje garantere at de berre får jobbe med ev. eigen idé.)

Praktisk

  • Det er avgrensa tal plassar. Fylkeskommunen dekker samlinga for 1 person frå kvar kommune.
  • Det er mogeleg å melde på fleire, men vi kan ikkje garantere plass for meir enn éin. Ekstradeltakarar må i utg.pkt. sjølve betale for samlinga (kr. 2500). De får melding etter påmeldingsfrist om de har fått plass. 
  • Om det er ekstra lang og kronglete reiseveg, kan de søke om å få delvis dekka ei ekstra overnatting.

Førebuing

Vi ber om at deltakarane les sida "Hva er prosjektveiviseren", og gjennomfører e-læringa Finn veien (ca. 1 time til saman) før de kjem til Norheimsund.

Samlinga er ein del av samarbeidsprosjektet Å Vestland, Vestland - nye og revitaliserte samarbeid i eit nytt fylke, som er støtta av Nasjonalbiblioteket.