Konferanse: Korleis kan vi jobbe med musikk som helsefremjande tiltak i kommunane?

Vestland fylkeskommune set søkjelys på kvifor og korleis musikk kan vere ein helseressurs med særleg vekt på eldreområdet.

Fire eldre menneske som sit saman og spelar gitar.
Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Mange opplever at musikk skaper gode møte mellom menneske, er eit positivt bidrag i kvardagen og kan auke livskvaliteten. 19. januar inviterer vi til konferanse i Vestlandssalen i Vestlandshuset i Bergen. 

Målgrupper

Konferansen er for alle med interesse for musikk og kultur som helsefremmande tiltak, for eksempel tilsette og leiarar i helsesektoren og kultursektoren i kommunane,  utdanningssektoren, helseinstitusjonane, politikarar, eldreråd eller brukarorganisasjonar.

Praktisk

Påmeldingsavgift: 150 kr. Faktura blir sendt ut etter konferansen.
Påmeldingsfrist: 16. januar
Konferansen er arrangert av Vestland fylkeskommune.