Lågterskel datahjelp i biblioteket

Digitalt utanforskap aukar. Lågterskel datahjelp kan bli ei enno viktigare oppgåve i biblioteka framover. Delta på nasjonalt nettseminar i regi av KS, og lokal fagprat i etterkant.

Kl. 09.00-10.00 Nettseminar om å tilby hjelp i grunnleggande digital kompetanse.

KS Digihjelpen arrangerer gratis nettseminar. Begge innslaga er frå Vestland:

  • Vi får høyre erfaringar frå Bømlo bibliotek, der dei samarbeider mellom anna med bank, kraftlag og skuleelevar.
  • Vi får også høyre erfaringar frå Kinn, der lokalbutikkane er ei forlenga arm for kommunen sitt servicetorg. Framover blir det også fast tilbod om hjelp i bibliotekavdelingane. 

Her kan du melde deg på 

Kl. 10.15-11.15 Fagprat for bibliotektilsette i fylket 

Vi held fram med tema frå KS sitt nettseminar.

  • Ved Austevoll bibliotek har datahjelp blitt eit fast tilbod. Odd Harald Opdal vil dele om deira erfaringar. Kva kan vere utfordringane og korleis kan ein løyse dei?
  • Bibliotekleiar Gry Hatlelid ved Årdal bibliotek deler sine erfaringar med eit tilbod heilt i startfasen. Kva skjer når ein inviterer til lågterskel datahjelp i biblioteket?
  • På Voss har dei Datakafe og Bestill ein bibliotekar. Biblioteksjef Kirsten E. E. Aga fortel korleis tilboda fungerer. 
  • Etterpå tar vi praten og du kan stille spørsmål – også til Kristin Maurstad, rådgivar i Kinn kommune og Astrid Drevland frå Bømlo bibliotek, som deltok på KS-seminaret.

Denne samlinga treng du ikkje påmelding til, møtelenke er delt i Teams og sendt ut i e-post.