Betongarbeidaren som blei tannlege

Møt Kristian Blystad Houge, tannlege.

Utanom lærarar er det tannlegar og tannpleiarar vi har flest av i Vestland fylkeskommune. Kristian er ein av dei, men det var slett ikkje tannlege han eigentleg skulle bli...

– Eg gjekk på byggfag på vidaregåande og tok fagbrev som betongarbeider. Deretter jobba eg eit år som fagarbeider før eg starta på ingenørstudier. Det var ikkje heilt for meg, så etter to år slutta eg, fortel han. 

Han fann ut at han i staden for å fylle betong, heller ville fylle i tenner. Han skifta beite, og fann seg raskt til rette på tannlegestudiet, både fagleg og sosialt. 

– Kva var det som gjorde at du valde å jobbe som tannlege hos fylkeksommunen?

– Tannlegar i den offentlege tannhelsetenesta har eit viktig samfunnsoppdrag for å ivareta tannhelsa til prioriterte grupper i befolkninga. Dette er f.eks. barn og unge, eldre med heimmesjukepleie, psykisk utviklingshemma, pasientar som er i LAR og fleire. Eg begynte i Vestland fylkeksommune for å bidrege med dette arbeidet. Det føles gjeveande å jobbe med dei ulike pasientgruppene, og det er lett å sjå verdien av det arbeidet vi gjer kvar dag, seier han. 

Kristian har jobba her i snart tre år, og har vore innom fleire tannklinikkar, først i vikariat. No har han fast jobb ved Loddefjord tannklinikk i Bergen. 

– Eg har blitt tatt godt i mot på alle klinikkane eg har jobba, sier han.

– Korleis er jobbkvardagen din?

– I forhald til mange yrkesgrupper har tannlegar relativt lite administrasjonsarbeid, og det meste av dagen går med til å behandle pasienter i alle aldre.

– Kva er det beste med å jobbe som tannlege i Vestland fylkekommune?

– Her har du ein trygg arbeidsplass der du får møte pasientar med mange spennande tannhelsefaglege problemstillingar. Du får mange flinke kolleger å støtte deg på dersom du føler behov for det, påpeikar han, og legg til at dei har eit godt arbeidsmiljø på klinikken og at praten alltid går lett.

– Eg er stolt av den jobben vi saman gjer for tannhelsa i hele Vestland!