– Dei tør satse på nyutdanna og gir rom for utvikling

Møt Cecilie Mathisen, ingeniør og byggeleiaren som kom rett frå skulebenken.

Cecilie Marthisen er byggeleiar for investeringsprosjekt på ferjekaier i Vestland, ein jobb ho har hatt i om lag eitt år. 

Ho kom til fylkeskommunen rett frå Høgskulen på Vestlandet der ho studerte til å bli byggingeniør. Siste studieår jobba ho deltid i Statens vegvesen. 

– Kva gjer ein byggeleiar og kva er det kjekkaste med jobben?
– Ein byggeleiar har ansvar for å følge opp prosjekter på HMS, kvalitet, framdrift og økonomi. Ein er også SHA (sikkerheit, helse og arbeidsmiljø)-koordinator ved prosjektering og bygging/drift, forklarer ho.

Det Cecilie liker best med jobben er å følgje eit prosjekt frå start til slutt. Frå inspeksjon og tilstandsvurdering, til forprosjekt og prosjektering, og til slutt sjølve utføringa av jobben.

– Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?
Eg har varierande arbeidsdagar, så ein vanleg arbeidsdag vanskeleg å beskrive. Ein arbeidsveke kan bestå av befaring på ferjekai, lage konkurransegrunnlag, følgje opp entreprenør på prosjekt, prosjekteringsmøte og byggemøte, økonomi- og fakturahåndtering.

– Kva er du mest stolt over å ha gjort i Vestland fylkeskommune?
– Eg føler eg har hatt ein stor utvikling på kort tid. Det er ganske nøyaktig ett år sidan eg starta som byggeleiar – og mitt første prosjekt er i dette augeblikk ferdigstilt! Det bærer litt stolthet i eit vellykket prosjekt.

– Til slutt, kva er ditt beste råd til dei som vurderer å søke jobb som ingeniør i Vestland fylkeskommune?
– Søker du jobb som ingeniør her, vil du bli ein del av eit godt fagmiljø. Eg opplever ein arbeidsplass der dei tør satse på nyutdanna og gir rom for utvikling, og bidreg til å heve kompetansen din.