YESpecialists

Korleis involvere ungdom meir i å oppretthalde busetjing i distriktet? Korleis styrke tiltakslyst blant unge innbyggjarar?

EU-prosjektet YESpecialists skal utvikle og teste ein innovativ metode i entreprenørskap der nedanifrå-og-opp metodikk er sentral.

Vi startar det toårige prosjektet med å bygge lokale partnarskap rundt Flora og Odda vidaregåande skular med representantar frå frivillig sektor, lokalt næringsliv og kommunen. Dette lokale partnarskapet skal støtte opp under lokale ungdomsinitiativ, alt frå samfunnsinitiativ til å starte bedrift. Viktige element er det grøne skiftet, digitalisering, god ungdomsmedverknad og sosial inkludering.

Poenget her er at vi ønsker fleire unge innbyggarar til å kome med gode idear slik at ein auker bulysta i kommunen. Kanskje har dei nokre gode forslag som lokkar fleire (unge) menneske til kommunen, men kanskje i tillegg også andre aldersgrupper? Nokre har ein grunder i magen og kan skape fleire arbeidsplassar for seg sjølv og andre, andre har en god ide rundt det å få det betre sosialt for eksempel etablere ein ny fritidsaktivitet i distriktkommunen.

Kvar av dei seks partnarregionane i dette prosjektet kjem til å bygge lokale partnarskap, dele på god praksis med kvarandre og styrke entreprenørskapskulturen og -undervisninga i distriktet. Partnarane kjem frå Asturias i Spania, Ringkøbing-Skjern i Danmark, Varazdin i Kroatia og Toscana og Trento i Italia. I tillegg er organisasjonen EARLALL (European Association of Regional and Local Authorities for Lifelong Learning) i Brussel med. Vestland fylkeskommune leiar prosjektet.

Youth Entrepreneurial Spirit Specialists (“YESpecialists”) er finansiert gjennom Erasmus+ Aktiv Ungdom. Prosjektet er forankra i Handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling og Regional plan for kompetanse og arbeidskraft.