Vest-Norges Brüsselkontor

Vest-Norges Brüsselkontor (VNB) har som oppgåve å synleggjere Vest-Noreg som samarbeidspartnar for andre europeiske regionar, vere lyttepost og ha ei opa dør mot institusjonane i EU og EØS.

Kontoret skal også formidle informasjon om det som skjer i EU/EØS av særleg interesse for Vest-Noreg, og identifisere EU/EØS-program og prosjekt av interesse for Vest-Norge. VNB har tilgang til interessante nettverk som fylkeskommunen dreg nytt av.

Vest-Norges Brüsselkontor blei etablert i 2003 og er eigd av kommunar og fylkeskommunar i Vest-Norge. Kontoret er eit av seks norske regionkontor i Brüssel.

Vestland fylkeskommune nyttar VNB som eit kontaktpunkt, informasjonskanal, og møteplass for samarbeid og prosjektutvikling med europeiske partnarar. 

Vest-Norges Brüsselkontor si nettside