Intereg Europe prosjektet P-IRIS

Prosjektet er finansiert gjennom Interreg Europe, starta i januar 2017 og vert avslutta i juni 2021. Den fulle prosjekttittelen – Polisies to improve rural areas’ innovation system by professionalising networking activities and use of innovation tools – fortel kva som er kjernen i prosjektet.

Om prosjektet

Prosjektet vart initiert fordi vi såg at innsikt utvikla for urbane klynger ikkje utan vidare burde overførast til innovasjonsnettverk i distriktssamfunn. Vi såg trong for å vidareutvikle ferdigheiter i det å etablere, utvikle og omstille innovasjonsnettverk.  Vi ville også vurdere korleis innovasjonsnettverk i distrikta fekk tilgang til verkemiddel i ulike fasar av ein innovasjonsprosess.

Partnarane kjem frå Burgos i Spania, Mellomste Østerbotten i Finland, Lombardiaregionen i Italia, Kroatia og Slovenia.  Vestland fylkeskommune leiar prosjektet.

I prosjektet har vi mellom anna arbeidd med vidareutvikling av ei verktøykasse for leiing av innovasjonsnettverk.  Eitr utkast er tilgjengeleg på www.innotool.no.

I Noreg har vi arbeidd spesielt opp mot det nasjonale klyngeprogrammet og katapultprogrammet for å utvikle samarbeid mellom innovasjonsnettverk i distriktssamfunn og etablerte klynger og katapultar.