Entreprenørskapsstøtte i Riga-regionen

Riga-regionen ønsker å auke kapasiteten for entreprenørskap, og har bedt Vestland fylkeskommune om å dele av våre erfaringar med ulike verkemiddel for å styrke næringslivet og entreprenørar i Latvia sin hovudstadsregion.

Riga-regionen, i samarbeid med Vestland fylkeskommune, har inngått eit samarbeid om prosjektet “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”.

Eit EØS-prosjekt

Prosjektet er finansiert av EØS-programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid i Latvia, og varer i 34 månedar i perioden juli 2021–april 2024.

Målet med prosjektet

Formålet med prosjektet er regional utvikling i by og land, ved bruk av ulike entreprenørskapsmetoder og verktøy. Prosjektet er kopla på vår næringsplan Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021–2033. I hovudsak kan prosjektet knyttast opp mot delmålet Innovative og inkluderande samfunn - verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket.

Framdrift

Prosjektet er litt forsenka på grunn av koronaen, men hadde digital kick-off samling onsdag 9. desember 2021. Hovudmålet var å introdusere latviske og norske aktørar til prosjektet. I 2022 byrjar dei faktiske aktivitetane i prosjektet. Ulike delegasjonar reiser frå Vesland til Riga, samt at Vestland får besøk av gjestar frå Riga-regionen. Kvart besøk har ulike tema.

Hovudaktivitetar

A1. Styrking av arbeidet med entreprenørskap hjå lokale myndigheter i Riga regionen.

A2. Fremje Riga-regionen – styrking av regional utvikling og entreprenørskap.

A3. Verktøy og metodar for entreprenørskap blant unge.

A4. Regionsvise aktivitetar for auka sysselsetting og konkurransevne.

Alle lærer i internasjonale prosjekt

Sjølv om dette er eit prosjekt som skal auke entrepreørskaps-kompetansen i Riga-regionen, så er Vestland fylkeskommune si haldning at alle lærer av kvarandre når ein samarbeidar i internasjonale prosjekt. Ofte kjem det òg nye initiativ og samarbeid som byggjer på det ein har lært i prosjektet.