Tilskot til statleg sikring av friluftsområde

Tilskotsordninga skal medverke til å at fleire friluftsområde som er viktige for allmennheta skal kunne bli statleg sikra.

Kven kan søkje?

Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søkje.

Kva kan du få støtte til?

• utgifter til kjøp av, eller avtale om varig bruksrett (servituttavtale) til, areal som søkast sikra som friluftslivsområde for allmennheta.
• sikringskostnader som utgifter til kart og oppmåling, tinglysingsgebyr, dokumentavgift, eventuell advokatbistand, rettsleg skjønn med meir.
• grunnleggande istandsetting (åtkomst, parkering med meir) av området, slik at det raskt kan tas i bruk

Del av sikringskostnadane kan gjevast i statleg støtte

• inntil 50 prosent av sikringskostnaden, inklusive omkostningar, for lokale område som i hovudsak nyttas av kommunens egne innbygjere.
• inntil 100 prosent av sikringskostnaden, inklusive omkostningar, for regionale områder der det er sannsynleg at over halvparten av brukarane kommer frå andre kommunar.
• inntil 50 prosent av kostnadene ved grunnleggande istandsetting.

Grunnleggande istandsetting av området

Nokre tiltak kan være heilt nødsynte å gjennomføre tidleg for at allmennheta i det heile tatt skal kunne ta i bruk eit område. Kostnadene regnast da som ein del av sikringskostnadane staten kan dekke med inntil 50 prosent.

Eksemplar på tiltak kan vere

  • opparbeiding av åtkomst
  • informasjonstavle
  • parkering
  • enkelt toalett
  • fjerning av bygningar og anlegg
  • sikkerheitstiltak

Budsjettsituasjonen, totalt tall på søknader, samla søknadssum og så vidare innverkar på Miljødirektoratets moglegheit til å bidra til grunnleggande istandsettingstiltak ved sikring av nye områder. Sjølve sikringa av friluftslivsområda prioriterast.

Tiltak som er søknadsberettiga gjennom andre tilskotsordningar, som for eksempel spelemiddelordninga, prioriterast som regel ikkje.

Vestland fylkeskommune vurderer og prioriterer søknadene før dei vert sendt til Miljødirektoratet for endeleg avgjerd. Søkjarar vert informert om utfallet av søknaden innan 1. juli. Det er ingen klagerett på tildelingar.