Tilskot til friluftsaktivitet

Tilskotsordninga skal medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og interkommunale friluftsråd som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv.

Kven kan søkje

Frivillige lag og organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og interkommunale friluftsråd.

Kva kan få støtte

Det blir primært gitt tilskot til friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar.

Deler av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell, som medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten som det blir søkt om tilskot til. Det kan vere til dømes fiskestenger, kompass, eit avgrensa tal enkle telt og liknande. Informasjonstiltak om rettar og pliktar etter allemannsretten kan òg få tilskot.

Fylkeskommunen gir ikkje tilskot til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar og liknande.

Vi prioriterer dette i tildelinga:

  • Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.
  • Tiltak som blir gjennomført i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader.
  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.
  • Tiltak retta mot personar som er lite fysisk aktive.
  • Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar.
  • Tiltak retta mot personar med nedsett funksjonsevne.

Tiltak som har fått tilskot i tre år eller meir vil ikkje bli prioritert.

Gode prosjekt vert støtta med tilskot frå 10 000 kr til 100 000 kr. Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50 prosent av dei totale ressursane for prosjektet. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil kr 300,- pr/time).

Miljødirektoratet har også ei tilskotsordning for friluftsaktivitet for menneske med innvandrarbakgrunn.

Rett utfylling av Miljødirektoratet sitt søknadsskjema oppfyller krava til innhald i søknaden. Godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar. Hordaland fylkeskommune handsamar innkomne søknader.

Det er krav om 50% eigendel.

Om tiltaket har vore støtta ved tidlegare tildelingar, skal dette informerast om i søknaden.

Søknader frå frivillige organisasjonar på kommune- og fylkesnivå skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Om eit tiltak planleggjast gjennomført i fleire fylker, skal søknad adresserast til kvar av dei aktuelle fylkeskommunane med opplysningar om planlagt aktivitet og behov for midlar i det aktuelle fylket. Om tiltaket har personar frå heile landet som målgruppe, eller det er vanskeleg å knytte tiltaket til eit eller eit fåtal fylke, skal søknaden adresserast til Miljødirektoratet. Merkast med saksnummer 2016/18.

Søkjarar vert informert om utfallet av søknaden innan 1. mai.

Send rapport om tiltaket til Vestland fylkeskommune innan 15. januar året etter tildelinga.