Tilskot til etablering av nye friluftsråd

Tilskotsordninga skal medverke til at fleire kommunar i Vestland etablerer nye, eller blir med i eksisterande friluftsråd.

Å organisere seg i eit friluftsråd er ein god måte for kommunane å forvalte og drifte friluftsområde på. Vestland fylkeskommune har sett av 450 000 kr til dette føremålet.

Kven kan søkje?

Kommunar og interkommunale friluftsråd.

Kva kan tilskotet nyttast til?

Tilskotet skal gå til prosjekt som har som mål å få fleire kommunar til å etablere nye friluftsråd eller bli med i eksisterande friluftsråd.

Midlane kan til dømes nyttast til å opprette ei prosjektstilling, der arbeidsoppgåva er å undersøkje om fleire kommunar kan gå saman om å opprette eit friluftsråd, og lage ein plan for korleis eit nytt friluftsråd kan organiserast og realiserast. Midlane kan òg nyttast til å leige inn ekstern bistand til å gjere utgreiingar rundt kva eit nytt friluftsråd vil krevje av kompetanse, personell og materiell.

Eksisterande friluftsråd kan søkje om tilskot til å rekruttere nye medlemskommunar og planlegge for ei utviding av det geografiske verkeområdet til friluftsrådet.

Vilkår for tilskotet

  • Det er krav om at kommunar eller friluftsråd bidreg med eigenfinasiering på 30 prosent i prosjekta som får midlar. Eigenfinansieringa kan vere i form av eigen ressursbruk i kommune/friluftsråd.
  • Prosjekta skal vere gjennomført innan 2023.
  • Prosjekta det blir søkt om midlar til, må vere politisk forankra i kommunane, og det skal vere eit klart mål at kommunane som søkjer midlar skal bli med i eit friluftsråd.

Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl. Avdeling for Kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.