Tilskot til plan for friluftslivet ferdselsårer

Plan for friluftslivets ferdselsårer er eit nasjonalt prosjekt som skal føre til betre planlegging for ferdselsårer som nyttes til rekreasjon og friluftsliv, til dømes turvegar, turstiar, turløyper og turleier. Fristen for å søkje om midlar er 15. februar.

Føremål med ordninga

Målet med prosjektet Plan for friluftslivets ferdselsårer er å skape eit verkemedel for å identifisere, ta i vare og utvikle viktige stiar, turvegar, løyper og leier i kommunane. Gjennom å lage ein plan for friluftslivets ferdselsårer vil kommunane betre kunnskapsgrunnlaget og få ei meir heilskapleg planlegging av ferdselsårer som vert nytta til friluftsliv.

Friluftslivets ferdselsårer er ei naturleg vidareføring av det gode arbeidet kommunane har gjort med kartlegging og verdsetting av friluftsområde og det nasjonale turskiltprosjektet (2014–2018) knytt til merking og gradering av turløyper. Prosjektet er forankra i Handlingsplan for friluftsliv (2018) og varer til 2023

Kven kan søkje

Berre kommunar kan søkje om tilskot.

Kva kan ein få støtte til

Midlane skal gå til at kvar kommune skal utvikle ein heilskapleg plan for friluftslivets ferdselsårer i tråd med rettleiar M-1292. 

Les meir: https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/2019/mars-2019/plan-for-friluftslivets-ferdselsarer/

Du kan ikkje søke støtte til fysiske tilretteleggingstiltak gjennom denne ordninga.

Arbeidet med å lage ein plan for friluftslivets ferdselsårer skal følgje fire steg. Kvar kommune kan søke om 60 000 kr til dei to første stega og 60 000 kr til dei to siste – tilsaman 120 000 kr til heile prosjektet.

Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50 prosent av dei totale ressursane for prosjektet. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil 300 kroner per time).

Ferdselsårer som vert registrerte i prosjektet skal leggast inn i nasjonal database for tur- og friluftsruter (rettikartet.no).

Vi oppmodar kommunar til å samarbeide med relevante lag og organisasjonar, t.d. turlag og idrettslag, for informasjonsinnsamling og planlegging.

Ein må følgje den nasjonale rettleiar M-1292 for friluftslivets ferdselsårer frå Miljødirektoratet. Ein kan ikkje søke om tilskot til anlegg og ordinær drift av anlegg. Tilskot til tiltaket kan ikkje overstige 50 % av den totale kostnaden. Tiltaket skal sluttførast innan 1,5 år etter motteke tilsagnsbrev.