Allemannsretten

Mange er nye i friluftslivet, spesielt etter åra med pandemi, der mykje anna var stengt ned. Allemannsretten og friluftslova er grunnleggande føresetnader for friluftslivet. Men kva er eigentleg allemannsretten?

Fylkeskommunen skal bidra til å informere om rettar og plikter som følgjer av allemannsretten, jf. forskrift om fylkeskommunens oppgåver innanfor friluftslivet.

Allemannsretten er ein rett for alle til å ferdast fritt i utmark på land og til sjøs. Den gir oss i tillegg rett til å hauste av naturen, men vi har og plikt til å ta omsyn til folk, dyr og natur. Vestland fylke har unike vilkår for flotte naturopplevingar og landskapsverdiar med fjell, brear, fjordar, skjergard, sjø og vassdrag. Dette er kvaliteter vi må verne om slik at framtidige generasjonar kan få dei same gode opplevingane som vi nyter i dag. I tillegg må vi altså vise omsyn når vi ferdast i naturen, og jo fleire som er på tur, jo viktigare blir akkurat det.

Det er laga mykje god informasjon om allemannsretten. Undersøkingar syner likevel at kunnskapen om allemannsretten kan bli endå betre! På denne sida har vi samla brosjyrer, filmer, kurs og anna relevant informasjon frå ulike aktørar, i tillegg til webinar vi har heldt her hos oss. Miljødirektoratet gav i 2020 ut ei brosjyre knytt til allemannsretten. Denne kan ein få tilsendt dersom ein ønskjer det.