Vidsyn - Fjaler kommune

Dagsturhytta i Fjaler er plassert på Bygdeheia i Ytre Fjaler, og har fått namnet Vidsyn. Bygdeheia har god utsikt i alle retningar og utover havet mot Alden.

Dagsturhytta-i-Fjaler-SSF-04795.JPG

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Tilkomst og parkering

Starten ligg om lag 40 minutt køyretur frå kommunesenteret Dale i Sunnfjord. Starten ved Furset ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule. Du kan ta av ved skilt ved fv. 65 og køyre 750 meter langs skogsveg der det er parkeringsplass. Du kan også starte frå Skor ved Folkestad. Det er best parkering på Furset-sida.

Stien til hytta

Det er om lag like langt å gå frå begge sider. Stien frå Furset har nokre blaute parti, som skal ordnast. Stien frå Furset startar på skogsveg, før han går brått til høgre. Derifrå går du slakt oppover, før du går opp ei lita kneik til høgre. Deretter slakt oppover til Bygdeheia. Bonus etter få høgdemeter er fantastisk utsikt ut i havet mot Alden.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 280 meter. Det er om lag 2 km sti frå begge sider, og du går opp på mellom 30–60 minutt avhengig av tempo.