Stad kommune, Eid - Naustdalskamben

Naustdalskamben ligg om lag midt i mellom Stårheim og Haugen og har utsikt både inn til Nordfjordeid sentrum og utover Nordfjorden.

Bilde av ei dagsturhytte etter at sola har gått ned. Området rundt hytta er prega av lav vegitasjon.
Dagsturhytta i Stad, Naustdalskamben. Foto: Hans Peter Eidseflot.

Tilkomst og parkering

Parkering ved næringsområdet på Reset, ved Haugen skule eller ved Stårheim stadion, avhengig av kva rute du vel til hytta. Følg rv. 15 for å kome til alle tre start moglegheitane. 

For å kome til Reset kan ein enten kjøyre Bjørhovdevegen eller følge fv. 5747 Hjalmavegen. Begge vegane blir samla i eit kryss på Hjelmeland. Her tar du av til Remmedalen. Følg denne vegen til det er skilta til parkering for dagsturhytta.

Stien til hytta

Det er fleire ulike stiar som fører til Naustdalskamben, Frå vest er det ein merkt sti frå Stårheim stadion med blå stikker heile vegen til topps. Startpunktet er på brua over Torvikelva ved kraftverket. Det brattaste alternativet er frå søraust, med start ved Naustad (Naustdalbakkane) ved rv.15. Stien er godt merkt, og ein kjem opp ved stikrysset frå Grønhaugen og frå Reset. 

Men den slakaste og mest familievennlege tilkomsten er frå nord, og vert skildra her. Parkeringa er ved næringsområdet på Reset. Hit kjem ein ved å kjøyre Bjørhovdevegen eller følge fv. 5747 Hjalmavegen. Vegane møtest i eit kryss på Hjelmeland. Her tek ein vestover på Remmedalsvegen. Etter 1,2 km til er det skilta mot sør til dagsturhytta. Hit kan ein også kome på Rennedalsvegen frå Stårheimssida. Følg grusvegen innover i næringsområdet, og der vegen sluttar ved parkeringa, startat stien. Merking er med raude stikker på velbrukt sti første 500 m, så på traktorveg fram til ein møter stien frå Grøthaug og Haugen etter 1,5 km. Frå denne ope plassen i skogen er det god sti heile vegen vidare til toppen. Stien er velbrukt og lett å finne. På toppen flatar det ut og vert litt myrlendt siste stykket fram til hytta.  

Avstandar

Mellom 45 min og 1,5 time avhengig av utgangspunkt og tempo. Hytta ligg på 474 moh.