Mjølkeflathytta - Lærdal kommune

Dagsturhytta i Lærdal er plassert på Mjølkeflaten og har fått namnet Mjølkeflathytta. Frå hytta er det god utsikt over Lærdal, både mot Øyri og oppover til Ofta og Hauge.

Dagsturhytta i lærdal foto anne elin.jpg

Foto: Anne Elin Sætevik

Tilkomst og parkering 

Køyr inn vegen mot Lærdal Grønt. Rett fram vil du finne opparbeidd parkeringsplass for dagsturhytta. Gangvegen vidare er skilta over brua.

Stien til hytta

Turen til Mjølkeflathytta er ein lett tur i fjellsida på nordsida av Lærdalsøyri. Stien er fin og godt merka. Det er ca. 30 min gange og omtrent 1 km. Det er fleire flotte utsiktspunkt mot Ofta og lenger oppover dalen. Litt lenger ned mot Hedler er det flott utsikt over Lærdalsfjorden. Nokre svaberg er sikra med tau spesielt mynta på vinterturar.

Det er mogleg å gå ein rundttur til Stødno.