Etne kommune - Leiteshaugen

Hytta i Etne ligg på Leiteshaugen i fjellområdet Rus . Leiteshaugen står som «Litle Urdahaugen» på mange kart. Lokalt brukar folk berre Leiteshaugen.

Dagsturhytta i Etne kommune
Dagsturhytta Leiteshaugen i Etne kommune. Foto: Barnas Turlag Etne

Tilkomst og parkering

Frå Etne sentrum : Ca 1,5 km austover langs E 134. Ta av til høgre like før brua. Køyr ca 2 km vidare over Fossa. Ta til høgre inn på Rusvegen, som er ein privat fjellveg, grus. Ca. 4 km til P-plass. 40 kr i P-avgift med Vipps. Skilta sti frå P-plass.

Stien til hytta

Frå P-plassen er det grusveg storparten av vegen, men ikkje dei siste 150 meterane. Der er det myrlendt sti i terrenget. Det er plan om å laga sti tilrettelagt for rullestol og barnevogner den siste biten. Motbakke den fyrste delen av vegen.

Avstandar

Turen er 1,5 kilometer ein veg og tar ca 40 minutter.