Gulakvila - Gulen kommune

Dagsturhytta i Gulen ligger på Løypingåsen. Dette er ein lett tur som passar for både born og eldre. Hytta ligg nær knutepunkt for mange turstiar vidare opp i høgare fjell.

Dagsturhytta-i-Gulen-SSF-04977.JPG

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Parkering og tilkomst

Turen startar frå parkeringsplassen ved kommunehuset i Eivindvik, Eivindvikvegen 1119. 

Stien til hytta

Frå kommunehuset går du i godt merka turterreng mot vassverket. Derfrå går du vidare mot merka mål Løypingåsen. Det er moderat stigning, gode og tydelege turstiar som er godt vedlikehaldne og godt merka. Når du kjem til Gulakvila, ser du inn mot Gulafjorden og utover i øyane som ligg mot havet. Du har godt oversyn over Eivindvik sentrum og byggjefeltet.

Det er ikkje tilrettelagt for barnevogn eller rullestol.

Avstandar

Hytta ligg på 149 meter. Frå kommunehuset til Gulakvila tek turen ca. 30–45 minutt for ein vaksen i vanleg turtempo.